Rapport om marine verneområder
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Brundtland III
Utgiver: Miljøverndepartementet
Pressemelding | Dato: 12.12.1995 | Sist oppdatert: 21.10.2006
PRESSEMELDING
Miljøverndepartementet
12. desember 1995
Rapport om marine verneområder
Rapporten "Kartlegging av eigna marine verneområde i Noreg - tilråding frå rådgjevande utval" er no send ut. Rapporten inneheld resultatet frå ei omfattande kartlegging av aktuelle verneverdige marine lokaliteter på natur- og kulturminnefagleg grunnlag.
Saman med rapporten er det sendt ut informasjonsbrev frå Miljøverndepartementet og Fiskeridepartementet til eigne direktorat og ytre etater samt til alle berørde fylkeskommunar og kommunar.
I brevet til direktorater og ytre etater er det gitt retningslinjer for korleis etatene skal handtere saker som kan omfatte områdene som er presentert i DN-rapporten. Dei kartlagde områda har ingen formell vernestatus i høve til planprosesser, konsesjonssaker eller andre tiltak. Med dette meinest at søknader om inngrep eller aktiviteter i områda ikkje kan bli avslått med generelt å vise til at desse kan vere aktuelle for marint områdevern i framtida. Rapporten inneheld likevel viktig kunnskap om serskilde naturverdier, og det er ein føresetnad at både miljøvern-, fiskeri- og kystforvaltning legg denne kunnskapen til grunn saman med anna relevant bakgrunnsinformasjon når saker som gjeld dei aktuelle områda skal vurderast.
Begge breva inneheld informasjon om miljøvern- og fiskeriforvaltninga sitt vidare arbeid med marine verneområde. Det vil i nær framtid bli oppretta eit nytt rådgjevande utval med representanter frå forvaltning og nærings- og naturvernorganisasjoner. Utvalet vil m. a. få i oppgåve å gi råd om val av område, avgrensing av desse og utforming av vernetiltak. Det blir lagt opp til at det kan brukast eit vidt spekter av verkemedel, m. a. naturvernlova, plan- og bygningslova, saltvatnfisklova og lov om norsk økonomisk sone. Miljøverndepartementet og Fiskeridepartementet vil gjere ei nærare vurdering av dei juridiske verkemedel når det gjeld kor eigna dei er for marint vern.
Kontaktpersoner i Miljøverndepartementet:
Avdelingsdirektør Atle Haga 22 24 58 70
Førstekonsulent Inger Winsnes 22 24 58 74
Kontaktpersoner i Fiskeridepartementet:
Avdelingsdirektør Torstein Hansen 22 24 64 55
Førstekonsulent Sigrun Nygård 22 24 64 59
Lagt inn 13 desember 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen