Historisk arkiv

Satsing på miljøvernteknologi

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Miljøverndepartementet


PRESSEMELDING
Miljøverndepartementet


01. november 1995

Satsing på miljøvernteknologi

I 1989 gjekk Miljøverndepartementet og Nærings- og energidepartementet saman om ei satsing for å gjere miljøteknologi til ei ny vekstnæring i Noreg. Stortinget fatta tidlegare same år eit vedtak om å gjere miljøteknologi til eit nasjonalt satsingsområde innan næringsretta FoU.

Det var serleg Norges Forskingsråd (FNR), Statens Forureiningstilsyn (SFT) og Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND) som fekk i oppgave å bygge opp norsk miljøindustri som eit vekstkraftig område. Hovudmålsettinga har vore å medverke til næringsutvikling, samstundes som ein reduserer eller løyser miljøproblema. Det vart også lagt vekt på å skape eksporthøve for norske verksemder. Etter fem år er det no føreteke ei evaluering av satsinga.

- Satsinga på miljøteknologi har vore vellukka. Det sameiner miljø-, nærings- og forskingspolitiske målsettingar. Det er truleg større gevinster å hente i eit lengre tidsperspektiv. Arbeidet med miljøteknologi bør difor førast vidare i alle aktuelle samfunnssektorer, seier dei to ansvarlege statsrådane Thorbjørn Berntsen og Jens Stoltenberg, i ein kommentar til gjennomgangen.

Eit dansk panel har gjennomgått eit utval av prosjekta og vurdert desse teknologisk. Det blir konkludert med at 60% av den utvikla miljøteknologien er i front i den nordeuropeiske teknologiutviklinga. Panelet meiner at 80% av prosjekta har sjansar i eksportmarknadene. For marknadene i Aust-Europa og Asia er ein imidlertid avhengig av finansieringsordningar, bilaterale hjelpeprogram og internasjonale utviklingsfond.

Evalueringa omfatter både miljøteknologiverksemder (problemløysarar) og verksemder som først og fremst ønskjer å utvikle reinare teknologi for eigen produksjon (problemeigarverksemder). Til samen har prosjekta som er undersøkte (134 prosjekter) motteke 220 millioner kroner frå det offentlege. Dette utgjer ca. 30% av dei totale prosjektkostnadene.


Lagt inn 2. november 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen