Verneplan for våtmarker i Hordaland fylke
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Brundtland III
Utgiver: Miljøverndepartementet
Pressemelding | Dato: 15.12.1995 | Sist oppdatert: 21.10.2006
PRESSEMELDING
Miljøverndepartementet
15. desember 1995
Verneplan for våtmarker i Hordaland fylke
Regjeringa har i statsråd i dag fatta vedtak om verneplanen for våtmarker i Hordaland. Verneplanen er eit ledd i det landsomfattande verneplanarbeidet og femner om i alt 20 naturreservat og eit landskapsvernområde med fuglelivsfredning. Verneplanen dekkjer eit areal på ca 13,1 km2 derav ca 11,4 km2 landareal. Dei høgtliggjande lokalitetane Bjoreidalen og Grånosmyrane utgjer ca 8 km2.
Av i alt 447 undersøkte lokalitetar har Fylkesmannen i Hordaland foreslått vern av 25 lokalitetar med verneverdi i internasjonal, nasjonal eller i regional samanheng. På grunn av lokale konfliktar er 4 av lokalitetane drege ut av verneplanen. Dei 21 lokalitetane som no er verna sikrar dei beste våtmarkslokalitetane i Hordaland med eit utval frå lågland til høgfjell, og frå saltvatn til ferskvatn. Dei verna områda har stor betydning for hekkande og trekkande fugleartar, som naturtypar gjev dei også eit representativt bilete av våtmarkstypane i fylket. Kulturhistoriske verdiar inngår i nokre av verneområda.
Gjennom fylkesmannen og Direktoratet for naturforvaltning sine høyringar og tilrådingar har saka fått ei grundig handsaming. Det er på vesentlege punkt teke omsyn til andre interesser som landbruk, jakt, fiske og friluftsliv.
I grove trekk at vegetasjon og dyreliv er verna. I område der hjortejakt ikkje er i vesentleg strid med verneføremålet, er dette tillatt. Viltlova sine føresegner gjeld for jakt i verneområda.
Forvaltningsstyresmakta kan utarbeide forvaltningsplanar med nærare retningsliner for gjennomføring av skjøtselstiltak i områdene.
Forvaltninga av verneområdene er lagt til Fylkesmannen i Hordaland.
Fylgjande område er verna etter naturvernlova:
- Fedjemyrane landskapsvernområde med fuglelivsfreding, Fedje kommune
- Tjeldstø naturreservat, Øygarden kommune
- Fossevatna naturreservat, Lindås kommune
- Nesvika naturreservat, Bergen kommune
- Kalandsvika naturreservat, Bergen kommune
- Vinnesleiro naturreservat, Fusa kommune
- Nesheimvatnet naturreservat, Vaksdal kommune
- Rekvesøyane naturreservat, Voss kommune
- Løneøyane naturreservat, Voss kommune
- Granvindeltaet naturreservat, Granvin kommune
- Ulvikpollen naturreservat, Ulvik kommune
- Vestbøstadtjern naturreservat, Fitjar kommune
- Rimbardeidtjørna naturreservat, Fitjar kommune
- Lokna naturreservat, Sveio kommune
- Færås naturreservat, Sveio kommune
- Skiftestad naturreservat, Sveio kommune
- Mannavatn naturreservat, Sveio kommune
- Bjellandsvatnet naturreservat, Sveio kommune
- Viksefjord naturreservat, Sveio kommune
- Bjoreidalen naturreservat, Eidfjord kommune
- Grånosmyrane naturreservat, Aurland (i Sogn og Fjordane) og Voss kommunar
Kontaktperson:
Miljøvernavdelinga hjå Fylkesmannen i Hordaland kan gje nærare opplysningar på tlf 55 23 77 60
Lagt inn 15 desember 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen