Historisk arkiv

Brei markering av Kulturminneåret 1997

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Miljøverndepartementet

Pressemelding Statsbudsjettet 1997


4. oktober 1996

Brei markering av Kulturminneåret 1997

Miljøverndepartementet og Kulturdepartementet har saman teke initiativ til å arrangere eit Kulturminneåret 1997. Både organisasjonar og offentlege styresmakter er engasjert i planlegginga av ei brei markering som startar i Ålesund i januar neste år, seier miljøvernminister Thorbjørn Berntsen. Han understrekar at dette er ei samla satsing frå Regjeringa si side. Det blir også rekna med at ulike sektorar lokalt og sentralt stiller opp for å markere kor viktig det er å ta vare på våre kulturminne i bygd og by landet over.

Kulturminneåret vil bli nytta til mange ting, mellom anna til å slå fast og forankre kulturminnevernet som eit viktig område av det heilskapelege miljøvernarbeidet. For å få til dette, er det ikkje nok å bruke dei verkemiddel for vern og forvalting som miljø- og kulturstyresmaktene sjølve rår over. Det er like viktig å få integrert kulturminnevernet i andre sektorar, slik at også dei som arbeider med andre oppgåver i samfunnet viser ei positiv haldning - og tek initiativ til kulturminnevernet sitt beste når dei har høve til det. Kulturminneåret vil også bli brukt til å understreke den nære koplinga mellom kulturminnevernet og kulturarbeidet.

Sektorovergripande samarbeid er alt i gang med fleire statlege etatar. Eksempler på dette er arbeidet med å bevare fyrstasjoner, NSB bygningar og dei viktigaste festningsverka her i landet. Andre viktige satsingar er bevaringa av landbruket sine kulturminner og kulturmiljø med midlar over jordbruksavtalen, brannsikringa av kyrkjene, miljølære i skolen og prosjektet "Arkitektur og omgivelser" og reiseliv og kulturminner.

Hovudtema for året blir:

  • Kulturminne langs kyst og vassdrag
  • Tekniske og industrielle kulturminne
  • Betre tilgjenge og kjennskap til kulturminne blant folk flest

Det overordna målet for kulturminneåret er å skape ei positiv interesse og forståing for kulturminne og å få fram dei verdiar kulturminna representererer som ressurs for samfunnet og samfunnsutviklinga. Det er viktig å få fram kor mykje tilhøyring, identitet og tryggleik betyr for livskvaliteten til den einskilde. Kulturminna som er ein del av våre røter gir oss ein del av denne kjensla av tilhøyring, fellesskap og tryggleik.

- I tillegg til den satsinga som blir gjort på Riksantikvaren sitt budsjett for 1997 reknar eg med at både kommunar, fylkeskommunar, private institusjonar og organisasjonar engasjerer seg i kampanjen til neste år, seier miljøvernministeren.



Lagt inn 4 oktober 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen