Historisk arkiv

Endringar i friluftslova

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Miljøverndepartementet


PRESSEMELDING
Miljøverndepartementet


21. juni 1996

Endringar i friluftslova

Endringane i friluftslova er no vedtekne av Stortinget og vart sanksjonert av Kongen 21. juni. Friluftslova er modernisert på ei rekke punkt. Meir mynde er lagt til kommunane, og lova er betre tilpassa kommunelova. Endringa rører ikkje ved allemannsretten, men vil legge tilhøva betre til rette for å ta vare på denne retten i framtida.

Endringane styrkar dei offentlege styresmaktene sitt ansvar for friluftslivet. Ordninga med særskilde fylkesfriluftsnemnder og kommunale friluftsnemnder har falle bort, men same ansvar og mynde blir i staden lagt til kommunen, fylkeskommunen og fylkesmannen.

Det er innført ein formålsparagraf i lova, der målet med friluftspolitikken kjem fram. Føresegna om ferdselskultur er og endra slik at omsynet til miljøet kjem tydelegare fram. Dei grunneigarane som vil ta avgift for å gi tilgang til opparbeida friluftsområder må hente inn løyve frå kommunen. I framtida kan kommunane fastsette åtferdsreglar for alle typar utfartsområder, også på statsgrunn.


Lagt inn 24 juni 1996 av Statens Forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen