Historisk arkiv

Meir kunnskap og betre styring av arealbruk i kommunane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Miljøverndepartementet

Pressemelding Statsbudsjettet 1997


4 Oktober 1996

Meir kunnskap og betre styring av arealbruk i kommunane

Miljøverndepartementet satsar i budsjettet for 1997 på å skaffe fram betre dokumentasjon av arealbruk og arealverdiar. Satelittdata skal overvåke arealutviklinga i store deler av landet. I delar av Noreg er areal for utbygging ein knapp ressurs der mange ulike bruksinteresser konkurrerar. Vi kjenner ikkje godt nok til den faktiske arealbruken. Vi har t.d. ikkje gode nok fakta om kva som skjer med dei grøne områda i byane. Arealbruken er viktig for helse og trivsel , men er også sterkt knytt opp til korleis vi forvaltar det biologiske mangfaldet i landet vårt. Derfor blir dette ei særs viktig utfordring framover, meiner miljøvernminister Thorbjørn Berntsen. Miljøverndepartementet starter opp med 5 mill i 97 og vil følge opp i åra som kommer.

Arealbruken er som kjend resultatet av ein rekkje enkeltvedtak og enkelthandlingar – som kvar for seg ikkje får så store verknader. Men samla sett er småinngrep og dispensasjonar frå reguleringsplanar ein trussel mot mellom anna det biologiske mangfaldet og friluftslivet. I område som skal vere fri for inngrep, har sjølv ikkje forbod mot bygging vore til hinder for byggeaktivitet. Miljøverndepartementet satsar no på betre dokumentasjon av arealbruk og arealverdiar for å få betre grunnlag for å påvirke utviklinga.

EIT LØFT OVER FIRE ÅR

Satsinga over fire år skal gjennom betre kunnskap om utviklinga i dei sårbare og viktige områda, gi styresmaktene eit opplegg for styrka overvåking av arealbruken, mellom anna i strandsona i Oslofjordområdet. Moderne satelitt- og informasjonsteknologi skal brukast i arealovervåkinga. Satelittdata skal gi styresmaktene innsikt i arealbruken i store deler av landet, og ein vil få høve til å studere endringar over tid. Alt dette vil mellom anna bringe fram data frå særleg viktige og sårbare område, kartlegging og verdiklassifisering av areal med viktig biologisk mangfald og arealstatistikk for byar og tettstader.

Det er fyrst og fremst kommunane og styresmakter med arealinteresser som treng denne kunnskapen. Det er kommunane som gjennom si arealplanlegging etter plan- og bygningslova bestemmer og styrer arealbruk. Arealovervåking blir såleis eit viktig grunnlag for å få miljøhensyn inn i denne planlegginga og samstundes kommunanes bidrag til ein langsiktig miljøpolitikk.

SATSING PÅ OPPLÆRING

Arealovervåkning er ikkje nok til å betre kvaliteten i planlegginga. Miljøverdepartementet har også starta opp eit bredt opplæringsprogram i kommunal arealplanlegging. Dette vil styrke kommunanes og sektorstyresmaktene sin kompetanse i arealplanlegging. Eit opplæringsprogram for kommunane om korleis kommuneplanar og reguleringsplanar kan brukast som styringsinstrument ,og korleis dei skal utformast, er antan gjennomført eller planlagd i alle fylker.


Lagt inn 4 oktober 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen