Historisk arkiv

Rapport frå "Utviklingsprogrammet for fylkesplanlegginga"

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Miljøverndepartementet


PRESSEMELDING
Miljøverndepartementet


13. mars 1996

Rapport frå "Utviklingsprogrammet for fylkesplanlegginga"


På ein pressekonferanse i dag fekk miljøvernminister Thorbjørn Berntsen og leiar i Kommunenes Sentralforbund, Halvdan Skard, overlevert rapporten frå "Utviklingsprogrammet for fylkesplanlegginga". Utviklingsprogrammet har vore eit fireårig samarbeidsprosjekt mellom Miljøverndepartementet, Kommunenes Sentralforbund og alle fylkeskommunane i landet. Rapporten vart overlevert av leiaren for programmet, politisk rådgjevar i Miljøverndepartementet Unni Mathisen.

Fylkesplanlegginga er heimla i plan- og bygningslova. Han har som føremål å samordne den fysiske, økonomiske, sosiale og kulturelle verksemda til staten, fylkeskommunen og hovudtrekka i verksemda til kommunane i fylket. Målet med utviklingsprogrammet var å auke den praktiske nytten av fylkesplanarbeidet, både for fylkeskommunane, kommunane og staten regionalt og sentralt, med særleg vekt på å styrke planlegginga som reiskap for politisk styring.

Av rapporten går det fram at programmet særleg har ført til større politisk merksemd i fylkeskommunane om fylkesplanlegginga. I rapporten vert fire hovudutfordringar for fylkesplanlegginga og for fylkeskommunane som fylkesplanstyresmakt understreka:

  1. Fylkesplanlegginga er meir ein lovfest rett for fylkeskommunane enn ei lovfest plikt, da han utvidar rommet for politisk handling.
  2. Fylkesplanlegginga skal vere ein møteplass mellom lokalt og sentralt styre, ved å ta ivare utfordringar som vedkjem fleire kommunar og ved å konkretisere nasjonale mål til gode regionalt tilpassa løysingar.
  3. Fylkesplanlegginga må vere utviklingsorientert og verke førebyggande, ved å samordne offentleg verksemd for meir effektiv ressursbruk og førebygging av miljøproblem, helseskader og sysselsettingsproblem.
  4. Fylkesplanlegginga er ein plattform for internasjonalt samspel mellom regionar i Norge og i andre land om felles problem og utfordringar.

Rapporten, som har tittelen "Med nye kort", er utgjeven av Kommuneforlaget, tlf. 22831414.


Lagt inn 13 mars 1996 av Statens Forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen