Historisk arkiv

Styrking av byutviklingsarbeidet, fleire med i miljøbysamarbeidet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Miljøverndepartementet

Pressemelding Statsbudsjettet 1997


4 oktober 1996

Styrking av byutviklingsarbeidet, fleire med i miljøbysamarbeidet

Med bakgrunn i dei erfaringane som er gjort i dei fem byane som har vore med i miljøbyprosjektet, vil Miljøverndepartementet styrke og utvide satsinga og trekke fleire byar inn i utviklingsarbeidet.

Nær tre firedelar av folket i Noreg bur i byar og tettstader. By- og tettstadutviklinga er prega av stort forbruk av areal og spreiing av fellesfunksjonar, og det har ikkje vore lagt tilstrekkeleg vekt på dei estetiske kvalitetane. Byvekst, veg- og parkeringsanlegg har lagt beslag på store areal på kostnad av naturmiljø, friluftsliv og kulturminne.

Utbygginga av kjøpesenter ved innfartsvegane til byar og tettstader har ført til svekking av sentrum og service i nærmiljøa. Transportbehovet har vorte større, og den auka vegtrafikken har ført til miljøproblem i byområda, serleg kva gjeld luftforureining og støy. Ei forbetring av miljøet i byane vil bety mykje for kvardagslivet og for helse og trivnad for dei store gruppene dette gjeld.

Miljøverndepartementet styrkjer derfor no satsinga på utvikling av meir miljøvenlege byar, i hovudsak gjennom miljøbyprogrammet i dei 5 miljøbyane, men og retta mot andre byar og tettstader. Arbeid er igang med å utforme transportsystem i byområda som prioriterer gang-, sykkel- og kollektivtrafikk. Samstundes må sentrumsområda gjevast nytt liv gjennom bustadbygging, handel, kultur og andre funksjonar, og det må utviklast metodar og verkemiddel for meir konsentrert utbygging utan at det går ut over kvaliteten som bustadområde og verdfulle grøntområde og kulturmiljø.

Miljøbyprogrammet vil vare fram til år 2000. Miljøbyane har utvikla eigne miljøprogram i samarbeid med fylkeskommuner, statlege etatar og lokale organisasjonar, og gjennomføring av delprosjekt er godt i gang i miljøbyane. Det viktigaste i resten av prosjektperioden vert å styrkje den praktiske gjennomføringa. Med bakgrunn i dei erfaringane som er gjort i miljøbyane, vil Miljøverndepartementet trekkje fleire byar inn i utviklingsarbeidet.



Lagt inn 4 oktober 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen