Historisk arkiv

Konstitusjon av senioringeniør Per Zakken Brekke som bergmeister og leiar av Bergvesenet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgjevar: Nærings- og energidepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Nærings- og energidepartementet


27. oktober 1995

Konstitusjon av senioringeniør Per Zakken Brekke som bergmeister og leiar av Bergvesenet

Senioringeniør Per Zakken Brekke vart i dag konstituert som bergmeister og leiar av Bergvesenet frå den tid Nærings- og energidepartementet fastset. Departementet tek sikte på at konstitusjonen skal ta til ved årsskiftet og vare om lag 2 år. I same tidsrom vil bergmeister Ole Nordsteien ha permisjon frå leiarstillinga.

Per Zakken Brekke er 50 år, sivilingeniør frå NTH Bergavdelinga og har praksis frå bergverksnæringa og offentlege myndigheiter knytt til bransjen. Sidan 1990 har Per Zakken Brekke vore tilsett i Bergvesenet, frå 1994 som senioringeniør.

Bergvesenet er eit statleg forvaltings- og myndigheitsorgan med kontorstad i Trondheim. Verksemda handhevar gjeldande lover og reglar om erverv av bergrettar, fører tilsyn med undersøkingar og drift på malmar og industrimineralar og er konsesjonsmyndigheit for erverv av kalkstein- og kvartsførekomstar. Vidare handhevar Bergvesenet m.a. plan- og bygningslova sitt regelverk om melding og konsekvensutgreiing av masseuttak og har som sentral faginstans uttalerett i regulerings- og plansaker som gjeld bergverk og uttak av massar.


Informasjonssjef: Anne Ekern, Tlf: 22 34 61 09, Faks: 22 34 95 67
Lagt inn 27 oktober 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen