Historisk arkiv

Satsing på miljøteknologi

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Nærings- og energidepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Nærings- og energidepartementet


1. november 1995

Satsing på miljøteknologi

I 1989 gjekk Miljøverndepartementet og Nærings- og energidepartementet saman om ei satsing for å gjere miljøteknologi til ei ny vekstnæring i Noreg. Stortinget fatta tidlegare same år eit vedtak om å gjere miljøteknologi til eit nasjonalt satsingsområde innan næringsretta FoU.

Det var serleg Noregs Forskingsråd (NFR), Statens Forureiningstilsyn (SFT) og Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND) som fekk i oppgåve å bygge opp norsk miljøindustri som eit vekstkraftig område. Hovudmålsetjinga har vore å medverke til næringsutvikling, samstundes som ein reduserer eller løyser miljøproblema. Det vart også lagt vekt på å skape eksporthøve for norske verksemder. Etter fem år er det no gjennomførd ei evaluering av satsinga.

- Satsinga på miljøteknologi har vore vellukka. Den sameiner miljø-, nærings- og forskningspolitiske målsetjingar. Det er truleg større gevinstar å hente i eit lenger tidsperspektiv. Arbeidet med miljøteknologi bør difor førast vidare i alle aktuelle samfunnssektorer, seier dei to ansvarlege statsrådane Thorbjørn Berntsen og Jens Stoltenberg, i ein kommentar til gjennomgangen.

Eit dansk panel har gjennomgått et utval av prosjekta og vurdert desse teknologisk. Det blir konkludert med at 60% av den utvikla miljøteknologien er i front av den nordeuropeiske teknologiutviklinga. Panelet meiner at 80 prosent av prosjekta har sjansar i eksportmarknadene. For marknadene i Aust-Europa og Asia er ein avhengig av finansieringsordningar, bilaterale hjelpeprogram og internasjonale utviklingsfond.

Evalueringa omfattar både miljøteknologiverksemder (problemløysarar) og bedrifter som først og fremst ønskjer å utvikle reinare teknologi for eigen produksjon (problemeigarverksemdar). Til saman har prosjekta som er undersøkte (134 prosjekter) motteke 220 millionar kroner frå det offentlege. Dette utgjer ca. 30 % av dei totale prosjektkostnadene.


Informasjonssjef: Anne Ekern, Tlf: 22 34 61 09, Faks: 22 34 95 67
Lagt inn 1 november 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen