Historisk arkiv

Betre flomvern i Lillestrøm-området

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Samferdselsdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Samferdselsdepartementet


8. juni 1995

BETRE FLOMVERN I LILLESTRØM-OMRÅDET

- Samferdselsdepartementet vil, i samarbeid med Statens vegvesen, ta kontakt med Akershus fylkeskommune og Skedsmo kommune med sikte på å avklare om utbygginga av riksveg 159 langs Nitelva kan gjennomførast slik at den nye vegen kan vere med på å gi eit betre flomvern for Lillestrøm-området. Dette kan skje ved at vegen blir heva og forsterka, opplyser samferdselsminister Kjell Opseth.

Utbygginga av vegen langs Nitelva er ein del av vegprosjektet "Ny riksveg 159 utanom Strømmen og Lillestrøm". Heile dette prosjektet omfattar den 7,3 kilometer lange strekninga frå Knatten i Lørenskog til Vigernes i Skedsmo, ved riksveg 22.


Lagt inn 19 juli 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen