Historisk arkiv

Flyrute Noreg - Sveits: Swissair får konsesjon

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Samferdselsdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Samferdselsdepartementet


27. oktober 1995

Flyrute Noreg - Sveits:

Swissair får konsesjon

Det sveitsiske flyselskapet Swissair har i statsråd i dag fått konsesjon for drift av flyrute på strekninga Zürich - Göteborg - Oslo. Konsesjonen gjeld for ein periode på fem år, rekna frå 30. oktober i år.

Sjølve konsesjonen gir ikkje selskapet no rett til å ta lokal trafikk på strekninga Göteborg - Oslo. Men Samferdselsdepartementet har fått fullmakt til å godkjenne mindre endringar i ruteføringa i konsesjonstida og eventuelt, i samråd med svenske styresmakter, til å gi Swissair rett til å ta trafikk på lokalstrekninga Göteborg - Oslo.


Kontaktperson:
Informasjonssjef Ivar Torvik. Tlf. 22 34 81 08 (privat 22 60 21 42) Lagt inn 27 oktober 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen