Samferdelsminister Kjell Opseth om: "Trafikksikkerhet mot år 2000"
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Brundtland III
Utgiver: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Dato: 12.07.1995 | Sist oppdatert: 21.10.2006
P R E S S E M E L D I N G
Samferdselsdepartementet
12. juli 1995
Samferdelsminister Kjell Opseth om:
"TRAFIKKSIKKERHET MOT ÅR 2000"
- Det finst ikkje eitt
enkelt tiltak som kan gi oss tryggare trafikk. Positive resultat
kjem berre av eit langsiktig og jamt "lagarbeid", der vi tar i bruk
fleire tiltak, mellom anna desse: Informasjon, opplæring,
overvaking av trafikken, kontrollar utført av både politiet og
Biltilsynet, reaksjonar overfor dei som bryt trafikkreglane,
strenge krav til køyretøy og trafikantar, godt vedlikehald av
vegane og utbygging av betre og tryggare vegar, seier
samferdselsminister Kjell Opseth i samband med at
Samferdselsdepartementet i dag legg fram dokumentet
"Trafikksikkerhet mot år 2000".
- Til trass for ei negativ utvikling hittil i år når det gjeld dødsulukker: Sett over fleire år har systematisk satsing på tiltak over eit slikt vidt felt gitt positive resultat. Både skaderisiko og dødsrisiko i trafikken er sterkt redusert. Talet på drepne ligg no på det samme nivået som i slutten av 1950-åra, sjølv om trafikken i denne tida er blitt nær ti-dobla.
Tiltak som vi veit har ein positiv verknad vil sjølvsagt bli ført vidare og også styrkt. Likevel må vi heile tida vere kritiske og vurdere korleis vi nyttar ressursane. Dei midlane vi har til rådvelde må nyttast på den måten som har størst verknad. Vi må også våge å prøve ut nye og utradisjonelle verkemiddel.
Dokumentet "Trafikksikkerhet mot år 2000" - gir eit samla oversyn over tiltak som alt er tatt i bruk, eller som skal setjast i verk i åra framover. Dokumentet skal gjere det enklare å sjå korleis styresmaktene følgjer opp sine eigne planar. Eg voner også at dokumentet vil vere ei nyttig samling av opplysningar og synspunkt, og at det vil føre til konstruktiv debatt og innsikt mellom alle som er opptatt av tryggare vegtrafikk, seier samferdselsminister Kjell Opseth.
Lagt inn 19 juli 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen