Historisk arkiv

Samferdelsminister Kjell Opseth om: Opning av Ekebergtunnelen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Samferdselsdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Samferdselsdepartementet


1. juli 1995

Samferdelsminister Kjell Opseth om:
OPNING AV EKEBERGTUNNELEN

- Det er all grunn til å ønskje Oslo til lukke med den nye Ekebergtunnelen, men det er trafikantane og folket i Gamlebyen som har størst grunn til å glede seg. Dette sa samferdselsminister Kjell Opseth da han i dag opna den vel 1,5 kilometer lange Ekebergtunnelen i Oslo.

- Ekebergtunnelen er det andre store veganlegget som blir opna i Oslo sentrum i løpet av eit år. I fjor blei Vestbanekrysset opna. Dette nye krysset har, saman med Oslo-tunnelen, gjort Rådhusplassen bilfri. Tidlegare passerte 70 000 bilar kvar dag over denne plassen.

Bispegata har i dag 60 - 80 000 køyretøy i døgnet, altså omkring like mange som ein tidlegare hadde over Rådhusplassen. Opninga av Ekegebertunnelen i dag inneber i første omgang at 30 000 køyretøy blir borte. Dei neste 30 000 blir borte frå 31. juli i år, og i løpet av hausten er Bispegata så å seie bilfri. Loengbrua blir riven ved årsskiftet. Det som no skjer av utbygging vil føre til at Gamlebyen vil gjennomgå store trafikkendringar og forbetring av miljøet.

BETRE MILJØ

Vålerenga-anlegget som blei ferdig i 1988, med den etterfølgjande stenginga av Strømsveien i 1992, la forholda til rette for å byggje opp at og fornye dei delane av Vålerenga som var øydelagde av trafikk. Ei slik positiv utvikling blir no mogleg i Gamlebyen. Om ein nå nyttar høvet kan miljøet i Gamlebyen bli enda betre. Ei endring av traseen for ekspressbussane, slik at dei ikkje lenger køyrer Schweigaards gate på tur til og frå bussterminalen på Vaterland, er eit viktig miljøtiltak. Eg ser det som viktig at ein nyttar høvet til å styre trafikken gjennom Ekebergtunnelen når denne no er open for trafikk. Samferdselsdepartementet har derfor alt teke dette opp med Oslo kommune som er rette styresmakt til å ta avgjerd i saka.

Gjennom "Miljøbyen Gamle Oslo" er det skapt ein visjon om korleis bydelen kan endrast, mellom anna i takt med ombygginga av trafikksystema. I alt er det investert tre milliardar kroner i veganlegga mellom Etterstad og Filipstad. Anlegga er alle svært gode eksempel på at utbygginga av hovudvegnettet i Oslo-området er ein nødvendig føresetnad for forbetringar av miljøet.

Ekebergtunnelen er ein del av den såkalla "Oslo-pakka". Kostnadene for Ekebergtunnelen er 760 millionar kroner, medrekna lokalvegen. Dette er 30 millionar kroner lågare enn det kostnadsoverslaget som låg til grunn då prosjektet blei tatt opp til løyving i Stortinget. Om lag halvparten av investeringane blir dekte av inntektene frå bompengeringen. Utan bompengeringen haddde det truleg ikke vore noka vegopning i dag. Saman med større statlege veginvesteringar i Oslo-området dei siste fem åra, fører bompengeringen til ein er i godt gjenge med dei utbyggingane som er omfatta av Oslo-pakka.

BJØRVIKATUNNELEN

Bjørvikatunnelen, som skal knytte saman Ekebergtunneln med Oslo-tunnelen, vil vere det neste store prosjektet som vil revolusjonere miljøet i Gamlebyen, ved at nærmiljøet i bydelen får tilgjenge til fjorden. Anlegget vil og leggje til rette for ei byutvikling med godt tilgjenge til Gardermobanen og kollektivtrafikken elles, og anlegget vil dessutan sikre ein god og jamn vegstandard i området.

Ved handsmainga av stortingsmeldinga om Norsk veg- og vegtrafikkplan for 1994-97 omdisponerte Stortinget midlar for å framskunde planarbeidet med Bjørvikatunnelen, og Statens vegvesen i Oslo er no i gang med planlegget av anlegget, i nært samarbeid med statlege og kommunale styresmakter. I Samferdselsdepartementety ser vi no på om det er mogeleg å framskunde prosjektet, sa samferdselsminister Kjell Opseth.


Lagt inn 19 juli 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen