Historisk arkiv

Samferdselsminister Kjell Opseth: Budsjett med klar distrikts og miljøprofil

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Kjell Opseth: Budsjett med klar distrikts og miljøprofil

linkdoc#doc

P R E S S E M E L D I N G
Samferdselsdepartementet


Nr.60/95

Dato: 04.10.95

STATSBUDSJETTET 1996

Samferdselsminister Kjell Opseth:
Sterk auke i jernbaneinvesteringar - veginvesteringar framleis på høgt nivå
Portotakstane blir som i dag
Budsjett med klar distrikts og miljøprofil

- Framlegget til samferdselsbudsjett har ein klar distriktsprofil og fører til ei enda sterkare satsing på miljøtiltak innanfor samferdselssektoren. Veg- og jernbaneinvesteringane er framleis på eit høgt nivå, og det blir ingen auke av portotakstane. Verknadene av alt dette kjem alle til gode gjennom eit betre transportsystem og lågare kostnader for samferdselstenester. For næringslivet vil dette vere med på å redusere kostnadene, noko som igjen legg grunnlaget for økonomisk vekst og trygging av sysselsetting og velferd, seier samferdselsminister Kjell Opseth.

- Budsjettframlegget er særleg prega av auka investeringar i jernbanens køyreveg og investeringar til utbygging av Gardermobanen. Det er nødvendig å styrkje jernbanen si konkurransekraft, og Regjeringa går derfor inn for å vidareføre investeringane i køyrevegen på eit høgare nivå enn det som er lagt til grunn i dei ordinære rammene i Norsk jernbaneplan. Riksveginvesteringane blir haldne om lag uendra, men på eit noko lågare nivå enn det som er lagt til grunn i Norsk veg- og vegtrafikkplan 1994-97.

- 1996 og 1997 blir åra med den største aktiviteten i Gardermo-utbygginga. Dei samla utgiftene knytta til flyplass, jernbane og veg i Gardermo-prosjektet er i 1996 på vel 6 milliardar kroner. Med unntak av vegutbygginga vil desse utgiftene bli dekte ved framtidige inntekter frå dei reisande, seier Opseth.


Kontaktperson

Informasjonssjef Ivar Torvik. Tlf. 22 34 81 08 (privat 22 60 21 43)


Lagt inn 11 oktober 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen