Historisk arkiv

Samferdselsminister Kjell Opseth vil 18. - 20. oktober vitje Murmansk fylke i Russland

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Samferdselsdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Samferdselsdepartementet


17. oktober 1995

Samferdselsminister Kjell Opseth vil 18. - 20. oktober vitje Murmansk fylke i Russland

Samferdselsminister Kjell Opseth vil 18. - 20. oktober vitje Murmansk fylke i Russland. Føremålet med vitjinga er å få ei nærmare orientering om kommunikasjonane mellom Murmansk fylke og Noreg.

På veg til Murmansk vil samferdselsministeren gjere eit opphald i Kirkenes, der han vil møte representantar for næringsliv og lokale styresmakter for å få informasjon om synspunkt og erfaringar knytt til kommunikasjonane i denne delen av Barentsregionen.

I følgjet til samferdselsministeren er desse med frå Samferdselsdepartementet: Politisk rådgivar Inger-Grethe Solstad, ekspedisjonssjef Pål Tore Berg, avdelingsdirektør Kjell Rosanoff og førstekonsulent Cathrine Hauge.

I tillegg er også desse med i følgjet: Avdelingsdirektør Nils Olav Stava, Utanriksdepartementet, regionleiar Terje Millerjord, Telenor Invest AS, vegsjef Geir Johnsen, Statens vegvesen Finnmark og tolk Anne Sikanen.

Lagt inn 20 oktober 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen