Historisk arkiv

Samferdselsminister Opseth om: Kyststamvegen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Samferdselsdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Samferdselsdepartementet


12. januar 1995

Samferdselsminister Opseth om: KYSTSTAMVEGEN

- Kyststamvegen er ein viktig del av Regjeringa si satsing på utbygging av infrastrukturen innanfor samferdsel. Ei vidare utvikling av denne nord-sør vegen langs Vestlandet vil binde regionane saman og kan medverke til å styrkje busetnaden i landsdelen. Kyststamvegen og dei verknadene denne vegen får, vil også kunne føre til utvida arbeidsmarknader og lågare transportkostnader. Dette kan igjen gi grunnlag for vidare utvikling og vekst i næringslivet, seier samferdselsminister Kjell Opseth i ein kommentar i samband med at Regjeringa i statsråd i dag la fram ei stortingsmelding om Kyststamvegen Kristiansand - Bergen - Trondheim.
Lagt inn 19 juli 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen