Historisk arkiv

Samferselsminister Kjell Opseth: riktig å omdanne televerket til statlig aksjeselskap

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Samferdselsdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Samferdselsdepartementet


15. desember 1995

Samferselsminister Kjell Opseth:

riktig å omdanne televerket til statlig aksjeselskap

- Utviklinga har vist at det var riktig å omdanne Televerket til det statlege aksjeselskapet Telenor AS. Omdanninga til eit statleg aksjeselskap har sikra at vi også i framtida vil ha eit sterkt nasjonalt teleselskap som gir oss ei overordna samfunnsmessig styring av telesektoren. Telenor har samtidig fått rammevilkår på line med det som gjeld for dei konkurrentane selskapet møter på både den internasjonale og norske marknaden. Telenor vil hevde seg godt i denne konkurransen og vil i tida framover vere i fremste rekkje i ei utvikling som fører til billegare teletenester for hushaldningar og næringsliv og tilgang til nye og samfunnsnyttige tenester.

Dette seier samferdselsminister Kjell Opseth i ein kommentar i samband med at Regjeringa i dag har lagt fram ei stortingsmelding om verksemda til Telenor AS.

Utviklinga av ny teknologi og nye tenester vil særleg komme distrikta til gode, mellom anna fordi den nye teknologien fører til at geografisk avstand er noko som får stadig mindre innverknad på prisen for teletenester. Vi får ein nedgang i dei avstandsavhengige telekostnadene. Når vi så veit at vi i tillegg får ein generell nedgang i teleprisane, vil dette gjere alle til vinnarar, men med telebrukarane i distrikta som dei største vinnarane.

- Sjølv om Telenor er stor her heime må vi hugse på at selskapet har ein omsetnad som berre er 2 - 2,5 prosent av den samla omsetnaden i den europeiske telemarknaden. Det er heilt avgjerande at Telenor også i framtida er i stand til å møte den aukande konkurransen. Berre på det viset kan Telenor sikre arbeidsplassane og gi brukarane i heile landet billegare teletenester, seier samferdselsminister Kjell Opseth.


Kontaktperson:
Informasjonssjef Ivar Torvik. Tlf. 22 24 81 08 (privat 22 60 21 42)


Lagt inn 15 desember 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen