Historisk arkiv

Statsstøtte til Air France: Dei skandinaviske landa støttar søksmål mot EU-Kommisjonen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Samferdselsdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Samferdselsdepartementet


31. august 1995

Statsstøtte til Air France:

Dei skandinaviske landa støttar søksmål mot EU-Kommisjonen

- Noreg, Danmark og Sverige står saman om å støtte eit søksmål som SAS og ei rekkje andre europeiske flyselskap har reist mot Europakommisjonen. Søksmålet gjeld Kommisjonen sitt vedtak frå i juli i fjor om at franske styresmakter på visse vilkår skal kunne gi inntil 20 milliardar franc i statsstønad til flyselskapet Air France. Frå norsk side er det full tilslutning til synspunktet om at slik statsstønad ikkje er eit eigna verkemiddel for utvikling av luftfarten i Europa. Både retningslinene for stønaden og det høge stønadsbeløpet bryt med målet om at det i europeisk luftfart skal vere konkurranse på like vilkår, opplyser samferdselsminister Kjell Opseth.

Europakommisjonen sitt vedtak om å godkjenne statsstønaden til Air Franc vart i oktober i fjor klaga inn for EF-domstolen av Storbritannia. I november vart vedtaket også klaga inn for EF-domstolen (Førsteinstansdomstolen) av SAS, British Airways, KLM og fleire andre flyselskap. Klagarane meiner mellom anna at stønadssummen er høgare enn nødvendig. I klagane blir det også vist til at Kommisjonen i vilkåra for statsstønaden legg til grunn rasjonaliseringar og endringar i Air France som er mykje mindre omfattande enn det som er tilfelle for andre flyselskap i Europa. - Kommisjonen burde også ha forsikra seg betre om at den påtenkte omdanninga av selskapet verkeleg blir gjennomført. Dessutan burde Kommisjonen ha forvissa seg om at kapitaloverføringa til Air France ikkje verkar negativt inn på konkurransetilhøva i europeisk luftfart, går det fram av klagane.

- Det har vore nær kontakt mellom dei tre skandinaviske landa i denne saka, og det er semje om at Kommisjonen sitt vedtak ikkje bør bli ståande. Reglane for EF-domstolen er nyleg blitt endra i samband med EØS-samarbeidet. Endringane gjer det mellom anna mogleg også for EFTA-landa i EØS å stille seg bak og gi støtte i eit søksmål som er reist for EF-domstolen.

Kontaktperson: Informasjonssjef Ivar Torvik. Tlf. 22 34 81 08 (privat 22 60 21 42)


Lagt inn 31 august 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen