Vegprosjektet "Lofast": Tilleggsutgreiing skal vurdere kryssing av Hadselfjorden
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Brundtland III
Utgiver: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Dato: 20.04.1995 | Sist oppdatert: 21.10.2006
P R E S S E M E L D I N G
Samferdselsdepartementet
20. april 1995
Vegprosjektet "Lofast":
TILLEGGSUTGREIING SKAL VURDERE KRYSSING AV
HADSELFJORDEN
- Samferdselsdepartementet går inn for at
tidlegare konsekvensutgreiingar om vegprosjektet Lofast skal få eit
tillegg som vurderer kryssing av Hadselfjorden. Ei slik
tilleggsutgreiing har samanheng med at Statens vegvesen i si
tilråding om val av trase for Lofast har lagt til grunn at det
seinare skal byggjast tunnel under Hadselfjorden. På bakgrunn av
dette og dei mange fråsegnene som er komne i saka, finn
Samferdselsdepartementet at det er nødvendig å gjennomføre ei
konsekvensutgreiing av Hadselfjord-alternativet. Departementet legg
til grunn at utgreiinga om kryssing av Hadselfjorden ikkje skal
føre til Lofast-prosjektet blir ferdig seinare enn det ein
tidlegare har rekna med, opplyser samferdselsminister Kjell Opseth.
Lagt inn 19 juli 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen