Vigra lufthamn: Framskunding av arbeidet med å forlengje rullebanen
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Brundtland III
Utgiver: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Dato: 10.05.1995 | Sist oppdatert: 21.10.2006
P R E S S E M E L D I N G
Samferdselsdepartementet
10. mai 1995
Vigra lufthamn:
FRAMSKUNDING AV ARBEIDET MED Å FORLENGJE
RULLEBANEN
Regjeringa har i statsråd i dag gjort framlegg om at
det over statsbudsjettet for 1995 skal løyvast 21,5 millionar
kroner for å framskunde arbeidet med å forlengje rullebanen på
Vigra. Dette beløpet kjem i tillegg til 6,5 millionar kroner som
tidlegare er avsett på 95-budsjettet, for å forlengje rullebanen.
Framskundinga fører til at arbeidet vil vere ferdig hausten 1995,
medan det tidlegare ble rekna med fullføring sommaren 1996. Til
arbeid med masseuttak og flytting av masse nytta større
anleggsmaskiner enn det som tidlegare var planen. Dette gjer det
mogleg å fullføre arbeida med berelag, asfaltering og lysanlegg alt
i haust. Dei samla kostnadene blir ikkje endra og kjem på i alt 54
millionar kroner for heile prosjektet, som fekk den første løyvinga
i 1993.
Lagt inn 19 juli 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen