Historisk arkiv

Arbeidsgruppe har vurdert verknader for Narvik

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Samferdselsdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Samferdselsdepartementet


25. januar 1996

Ny organisering av malmtransporten på Ofotbanen:

Arbeidsgruppe har vurdert verknader for Narvik

* Omorganisering av malmtransporten på Ofotbanen og oppretting av eit nytt jernbaneføretak for denne transporten vil ikkje få nokon direkte verknad for den skatteavtalen som i dag gjeld for LKAB si verksemd i Noreg.

Dette er ein av konklusjonane i ein rapport frå ei arbeidsgruppe som har sett på kva for verknader slike endringar i malmtransporten vil få for Narvik. Statssekretær Torstein Rudihagen, Samferdselsdepartementet, har leia arbeidsgruppa som elles har vore samansett av mellom anna ein statssekretær frå Nærings- og energidepartementet og ein statssekretær frå Kommunal og arbeidsdepartementet. Dessutan har Nordland fylkeskommune, Narvik kommune og Landsorganisasjonen i Noreg vore representert i gruppa. Ein statssekretær frå både Finansdepartementet og Forsvarsdepartementet har tatt del i arbeidet i gruppa.

Arbeidsgruppa ble oppretta i desember i fjor - på bakgrunn av at Noregs Statsbaner, Statens Järnväger og Loussavaara-Kirunavaara AB (LKAB) hadde forhandla fram ein avtale om å etablere eit nytt svensk jernbaneføretak, med eit norsk dotterselskap, for å overta malmtransporten på Ofotbanen. LKAB skal eige 51 prosent, medan SJ og NSB kvar skal eige 24,5 prosent av aksjane i selskapet. NSB si deltaking i selskapet krev at saka må leggjast fram for Stortinget til godkjenning. Samferdselsdepartementet skal deretter handsame søknaden frå det norske dotterselskapet om lisens og trafikkeringsrett på Ofotbanen.

I rapporten viser ein til at det i den konsesjonsavtalen som i dag gjeld for LKAB er sett som vilkår at LKAB skal ha ein verkstad for vedlikehald av malmvogner i Narvik. Arbeidsgruppa seier at eit slikt vilkår truleg ikkje kan gjerast gjeldande overfor det nye transportføretaket, Malmtrafikk AS, MTAS. - Overdraginga av NSB og LKAB si verksemd til MTAS skal ut frå gjeldande reglar meldast til Nærings- og energidepartementet. Arbeidsgruppa reknar med at dei bemanningsplanar som ligg føret for MTAS, kan ha slike verknader at det kan føre til prøving etter lov om erverv av næringsverksemd, går det fram av rapporten.

- Så langt gruppa har kjennskap til, vil den framforhandla avtalen mellom LKAB, SJ og NSB føre til ein direkte reduksjon av arbeidsplassar i Narvik med 45 personar, og truleg ein ytterlegare reduksjon i lokomotivverkstaden med 10 årsverk frå 1997.

- Det er vanskeleg å seie kva for samferdsels-, nærings- og distriktspolitiske konsekvensar avtalen vil ha for Narvik på lengre sikt. Dette treng nødvendigvis ikkje vere negativt dersom dette kan føre til ein meir kostnadseffektiv malmtransport og på denne måten vere med å styrkje LKAB sin konkurransesituasjon på verdsmarknaden.

I tillegg til å vurdere kva for konsekvensar omorganiseringa av malmtrafikken vil få for Narvik har gruppa dessutan fått utarbeidd ei juridisk utgreiing om spørsmål som gjeld lisens og trafikkeringsrett på Ofotbanen.

- Den rapporten som nå ligg føre, bør vere eit godt grunnlag for den vidare handsaminga av saka. Før ein kan handsame avtalen og avgjere søknadene om trafikkeringsrett og lisens, står det att å gjennomføre ymse avklaringar frå LKAB si side, opplyser statssekretær Torstein Rudihagen.


Desse har vore med i arbeidsgruppa:

Statssekretær Torstein Rudihagen, Samferdselsdepartementet, leiar
Statssekretær Mary Kvidal, Nærings- og energidepartementet
Statssekretær Karin Kjølmoen, Kommunal- og arbeidsdepartementet
Nestleiande avdelingsleiar Knut Weum, Landsorganisasjonen i Noreg
Ordførar Odd Andreassen, Narvik kommune
Fylkesvaraordførar Ivar Kristiansen, Nordland fylkeskommune


Informasjonssjef Ivar Torvik. Tlf. 22 24 81 08 (privat 22 60 21 42))


Lagt inn 25 januar 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen