Historisk arkiv

"Den norske it-veien"

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Samferdselsdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Samferdselsdepartementet


16. april 1996

Statssekretær Torstein Rudihagen om:

"Den norske it-veien"

- Noreg er mellom dei landa som har kome lengst i å byggje ut og ta i bruk moderne informasjonsteknologi. Vi har låge teleprisar og eit godt utbygd telenett over heile landet. Saman med dei andre skandinaviske landa og USA, er Noreg i "tetgruppa" når det gjeld IT-investeringar og såkalla IT-arbeidsplassar, sett i høve til folketalet.

Meir enn halvparten av alle sysselsette i Noreg bruker PC i arbeidet. Innanfor offentleg tenesteyting nyttar omkring to tredelar informasjons- teknologi i arbeidet sitt. I offentleg administrasjon, undervisning og forsking har nesten alle tilgang til informasjonsteknologi. Vi har over tre millionar telefonabonnement og ein tredel av desse gjeld mobile teletenester.

Dette opplyste statssekretær i Samferdselsdepartementet, Torstein Rudihagen, ved eit møte i Oslo i dag. Rudihagen er leiar av Statssekretær- utvalet for informasjonsteknologi, og dette utvalet la i januar i år fram rapporten "Den norske IT-veien. Bit for bit". Statssekretærar frå sju departement og Statsministerens kontor er med i utvalet, som no har bede alle interesserte om å seie si meining om rapporten. - Dei synspunkta som vi mottar vil, saman med sjølve rapporten, inngå i arbeidet med å få til ein samordna og offensiv norsk IT-politikk og vil vere eit viktig grunnlag for Regjeringa si vidare oppfølging, seier Rudihagen.

Det har vore stor pågang for å få tak i rapporten "Den norske IT-veien Bit for bit." Sidan rapporten blei lagt fram er nær 9000 eksemplar sende til interesserte over heile landet. Kommunar, fylkeskommunar, statlege styresmakter, næringsliv, organisasjonar, utdannings- og forskingsinstitusjonar og ei rekkje andre interesserte har fått rapporten. Statssekretærutvalet har bede om at synspunkt blir sendt til utvalet innan 1. mai i år. Adresse: Statssekretærutvalet for IT, Samferdselsdepartementet, Postboks 8010 Dep., 0030 Oslo, telefaks 22 24 56 09. Elektronisk post: X.400: S=it; P=dep; A=telemax; C=no; eller Internett: it@dep.telemax.no

Pressemeldingar av 22.1.96 om IT-rapporten - i elektronisk utgåve - på ODIN: http://odin.dep.no/sd/

Rapporten ligg og føre i elektronisk utgåve på ODIN: linkdoc002005-990371#dochttp://odin.dep.no/it/


Informasjonssjef Ivar Torvik. Tlf. 22 24 81 08 (privat 22 60 21 42)


Lagt inn 16 april 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen