Historisk arkiv

Framleis gode posttenester over heile landet !

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Samferdselsdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Samferdselsdepartementet


23. januar 1996

Samferdselsminister Kjell Opseth:

FRAMLEIS GODE POSTTENESTER OVER HEILE LANDET!

Regjeringa har som mål å oppretthalde eit grunnleggjande og likeverdig posttilbod av høg kvalitet i alle delar av landet. Skal Postverket også i framtida greie dette og samtidig hevde seg i den aukande konkurransen, må verksemda omstille seg i takt med dei endra realitetane. Postverket kan ikkje utan vidare styrkje øknomien ved å auke portoen. Den sterke konkurransen vil då føre til at kundar i større grad vil gå over til å bruke alternative tilbod frå private verksemder, eller annan teknologi som telefaks og elektronisk post, og dermed svekkje Postverket si stilling som infrastrukturbedrift. Ei omstilling og omstrukturering som reduserer kostnadene, men samtidig sikrar nivået på tenestene, vil derfor vere ein god distriktspolitikk, i tillegg til at ein sikrar konkurransevna og arbeidsplassane for Postverket.

Postverket sine skranketenester har i det siste hatt ein sterk trafikknedgang. Dette har til dels samanheng med at postkundane går over til girering og elektronisk betalingsformidling. I tillegg skuldast nedgangen at bedriftene i større grad nyttar Postverket sitt tilbod om levering av pakker frå dør til dør. I ein slik situasjon, og med den sterke konkurransen som Postverket møter på alle område, ville det vere direkte uansvarleg å sjå bort frå endringar i postkontornettet. Innføring av ordningar med "postkontor på butikken" og overgang til landpostruter er tiltak som for dei fleste kan vere vel så gode som tidlegare tilbod. Landpostboda har det samme tilbodet av basistenester som postkontora, med den skilnaden at landpostbodet "tar med seg kontoret fram til kunden". Ei gransking som Norsk Gallupp Institutt gjennomførte i 1992 viste dette: Fleirtalet av dei som hadde gått over til å nytte landposttenesta meinte at denne var eit minst like godt tilbod som det ein tidlegare fekk ved postkontoret.

Styret i Postverket vil i april i år ta stilling til dei endringane som må gjennomførast i postnettet. Dette vil så vere ein del av grunnlaget

for Samferdselsdepartementet sitt arbeid med ei stortingsmelding om postpolitikken fram mot år 2000. Meldinga vil bli lagt fram i vår - med sikte på handsaming i Stortinget i vårsesjonen.


Informasjonssjef Ivar Torvik. Tlf. 22 24 81 08 (privat 22 60 21 42))


Lagt inn 25 januar 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen