Historisk arkiv

Rapporten "En samfunnsøkonomisk vurdering av SAS-samarbeidet"

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Samferdselsdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Samferdselsdepartementet


20. juni 1996

Samferdselsminister Kjell Opseth - kommentar til: rapporten "en samfunnsøkonomisk vurdering av SAS-samarbeidet"

- For å leggje til rette for at publikum og næringsliv over heile landet skal få eit godt og tenleg flytransporttilbod i framtida, treng vi synspunkt og vurderingar frå fleire hald. Det er mellom anna nødvendig å få inn vurderingar som tar utgangspunkt i ulike framtidsbilete for norsk og internasjonal luftfart.

Dette seier samferdselsminister Kjell Opseth i ein kommentar til rapporten "En økonomisk vurdering av SAS-samarbeidet", utarbeidd av Stiftelsen for samfunns- og næringslivsforskning (SNF).

- Eg har merka meg at SNF-rapporten har eit klart teoretisk preg, med sterk vekt på reine marknadsteoretiske vurderingar. I tillegg til slike vurderingar vil det - i den vidare utforming av luftfartspolitikken - også vere nødvendig å vurdere korleis ein best kan få til ei samfunnsmessig styring av luftfarten, mellom anna for å sikre eit godt transporttilbod i distrikta. Etter mi meining vil vi vere best tente med at norske flyselskap også i tida framover har ei sterk stilling både når det gjeld innanlands flytransport og flytransport til og frå Noreg. Sterke norske selskap sikrar også viktige arbeidsplassar i Noreg og skaper grunnlag for å utvikle tenestetilbod, kompetanse og teknologi som er konkurransedyktig i ein internasjonal marknad, seier samferdselsministeren.


Lagt inn 21 juni 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen