Historisk arkiv

Samferdselsminister Kjell Opseth på offisielt besøk til Polen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Samferdselsdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Samferdselsdepartementet


3. februar 1996

Samferdselsminister Kjell Opseth på offisielt besøk til Polen

Samferdselsminister Kjell Opseth reiser søndag 4. februar på offisielt besøk til Polen. Besøket varer til og med onsdag 7. februar og omfattar mellom anna drøftingar med den polske transportministeren og kommunikasjonsministeren. Samarbeid som gjeld vegtransport, luftfart og telekommunikasjonar er mellom dei spørsmål som blir tatt opp under besøket.

I følgjet til samferdselsministeren er desse med frå Samferdselsdepartementet: Ekspedisjonssjef Pål Tore Berg, avdeling for luft- og banetransport, ekspedisjonssjef Knut Rønning, avdeling for miljø, kollektivtransport og veg, avdelingsdirektør Jørn Ringlund, avdeling for post og telekommunikasjonar og førstekonsulent Anne Marie Andersen, statsrådens kontorsekretær.

Desse er og med i følgjet: Nestleiar Ole Johan Haga, Telenor International, prosjektleiar Arne Erik Hilmen, Telenor International, administrerande direktør Trond V. Nordeng, Nordic Aviation Resources AS.


Informasjonssjef Ivar Torvik. Tlf. 22 24 81 08 (privat 22 60 21 42))


Lagt inn 5 februar 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen