Historisk arkiv

Statssekeretær Torstein Rudihagen - til Estland

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Samferdselsdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Samferdselsdepartementet


20. juni 1996

Statssekeretær Torstein Rudihagen - til Estland

Statssekretær Torstein Rudihagen, Samferdselsdepartementet, reiser i dag til Tallin i Estland for å delta ved opninga av eit nytt trafikkontrollsenter for flytrafikken i Estland. Utbygginga av senteret er skjedd med stønad frå norske styresmakter, som ein del av Handlingsprogrammet for Aust-Europa. Det norske selskapet Nordic Aviation Resources AS (NAR AS) har medverka ved planlegging og gjennomføring av utbygginga, som elles inngår i eit prosjekt der selskapet også deltar ved oppretting av rutinar og opplæring for flysikring. Dette selskapet er fullt ut eigd av Luftfartsverket i Noreg.

Samarbeidet mellom Noreg og Estland innanfor luftfart har også ført til at norsk flynavigasjonsutstyr er selt og installert i Estland.

Utbygging av av kontrollanlegg ved Tallin flyplass er prosjektert og teikna av det norske arkitektfirmaet A3 Arkitektkontor AS. Også andre norske selskap har medverka.


Informasjonssjef Ivar Torvik. Tlf. 22 24 81 08 (privat 22 60 21 42)


Lagt inn 20 juni 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen