Historisk arkiv

Statssekretær Torstein Rudihagen: - Vi har prøvd å finne "den norske vegen"

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Samferdselsdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Samferdselsdepartementet


22. januar 1996

Statssekretærutvalet for informasjonsteknologi

Statssekretær Torstein Rudihagen: - Vi har prøvd å finne "den norske vegen"

- Dei landa som klarer å ta informasjonsteknologien i bruk på ein offensiv og positiv måte, vil få eit forsprang i den internasjonale konkurransen.

Dette seier statssekretær i Samferdselsdepartementet, Torstein Rudihagen, som har leia Statssekretærutvalet for informasjonsteknologi. Utvalet la i dag fram sin rapport, "Den norske IT-veien. Bit for bit".

  • Somme synest å tru at endringane på tele- og datasektoren fører til at "marknaden skal ta over". Her må eg skuffe ihuga liberalistar: For å sikre eit likeverdig tilbod av gode tenester over heile landet, effektiv bruk av ressursane og ein reell konkurranse, er det nødvendig med overordna samfunnsmessig styring.
  • Telenor AS skal vere ei viktig drivkraft i den vidare utviklinga av IT- og telesektoren i Noreg. Det statlege norske eigarskapet sikrar at dei samfunnspålagde oppgåvene blir oppfylte.
  • For at vi i Noreg skal liggje langt framme i utviklinga må offentleg og privat sektor samarbeide. På enkelte felt kan det offentlege vere ein pådrivar. Til dømes kan det offentlege samarbeide med privat sektor for å fremje elektronisk kommunikasjon i næringslivet. Dette kan kan gi grunnlag for utvikling av ny teknologi og nye produkt som kan hevde seg på verdsmarknaden.
  • I dei siste åra har fleire land lagt fram eigne strategiar for informasjonsteknologi. I rapporten frå Statssekretærutvalet for informasjonsteknologi har vi prøvd å finne fram til "den norske vegen". Vi har særleg understreka omsynet til likeverd, norsk kultur og språk. Dessutan legg vi vekt på dei gode samarbeidstilhøva mellom offentleg og privat sektor, og mellom partane i arbeidslivet.
  • Informasjonsteknologien gjer det til dømes mogleg å lokalisere arbeidsplassar på nye stader. Vi ser at arbeid blir utført geografisk skilt frå arbeidsgivaren. Vi får det vi kallar telependling. Dette gjer det mogleg å kombinere arbeid og omsorgsoppgåver og legg også til rette for at fleire funksjonshemma kan delta i arbeidslivet. Men vi må vere merksame på dei farar ei utvikling med telependling kan føre med seg, mellom anna i form av isolasjon, dårlegare arbeidsmiljø og eit svakare arbeidsrettsleg kontraktsvern, seier statssekretær Torstein Rudihagen.

Lagt inn 22 januar 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen