Historisk arkiv

Svak auke i trafikkulykkene i 1995

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Samferdselsdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Samferdselsdepartementet


2. januar 1996

Statssekretær Torstein Rudihagen:

SVAK AUKE I TRAFIKKULYKKENE I 1995

Trass i at vi i 1995 hadde ein svak auke i talet på ulykker, har den systematiske satsinga på trafikktryggleik over fleire år gitt positive resultat. Talet på drepne ligg no på det samme nivået som i slutten av 1950-åra, sjølv om trafikken i denne tida er tidobla. Det seier statssekretær Torstein Rudihagen, i ein kommentar til ulykkestatistikken frå Trygg Trafikk.

Trafikkmengda auka i fjor med tre prosent. Dette kan vere ein viktig årsak til at ulykkestala stig frå 1994 til 1995. Mange ulykker skjedde våren 1995. Ofte var tunge kjøretøy innblanda. Ulykkene der tunge kjøretøy var innblanda, blir no studert av Samferdselsdepartementet, seier Rudihagen.

Det er venta at trafikken også vil auke i 1996. Målet som Stortinget har sett om at talet på ulykker ikkje skal auke uansett trafikkvekst og trafikkmengde, ligg likevel fast. Om det vert naudsynt, vil Samferdselsdepartementet gjere framlegg om å auke innsatsen for å halde dette målet.

- Det er viktig å gjere merksam på at det ikkje finst eitt enkelt tiltak som åleine kan gi god nok effekt. Vi vil i tida framover satse på tiltak over eit vidt felt, mellom anna informasjon, opplæring, overvaking og trafikkkontrollar, krav om sikrare kjøretøy, godt vedlikehald av vegane og bygging av betre og tryggare vegar, seier Rudihagen.


Kontaktperson:
Informasjonssjef Ivar Torvik. Tlf. 22 24 81 08 (privat 22 60 21 42)


Lagt inn 2 januar 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen