Historisk arkiv

Utbygging av trekantsambandet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Samferdselsdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Samferdselsdepartementet


8. mars 1996

SUNNHORDALAND: UTBYGGING AV TREKANTSAMBANDET

INDRE HARDANGER: VEGUTBERDING OG RASSIKRING, EKSTRA TILTAK FOR TURISTTRAFIKKEN

  • Regjeringa går inn for utbygging av vegprosjektet Trekantsambandet Sveio - Stord - Bømlo i Hordaland. Arbeidet med utbygginga kan ta til i år, og byggjetida er rekna til fire år.
  • Dei positive verknadene av Hardangerbrua står ikkje i høve til kostnadene og miljøverknadene ved å gjennomføre og ta i bruk prosjektet. Samferdselsdepartementet kan derfor ikkje tilråde at Hardangerbrua blir bygd.
  • Den statlege delen av finansieringa av vegprosjektet Folgefonntunnelen skal aukast frå 40 millionar kroner til 90 millionar kroner.

Dette er nokre av hovudpunkta i eit forslag som Regjeringa la fram i statsråd i dag.

Forslaget omfattar i hovudsak utbygging og delvis bompengefinansiering av Trekantsambandet Sveio - Stord - Bømlo. Forslaget har elles omtale av vegprosjekta Hardangerbrua og Folgefonntunnelen. I tillegg tar forslaget også for seg tiltak som kan virke stimulerande på utviklinga i Indre Hardanger. Dette gjeld vegutbetring og rassikring i Indre Hardanger og tiltak for leggje forholda betre til rette for turisttrafikken i området, noko som omfattar mellom anna dette:

  • Eige handlingsprogram for opprusting og rassikring av riksveg 13 frå Jøsendal til Brimnes og riksveg 7 frå Bruravik til Trengereid.
  • Tiltak langs riksveg 13 mellom Jøsendal og Brimnes for å leggje forholda betre til rette for turisttrafikken i Indre Hardanger, i tillegg til vidareføring av slike tiltak på riksveg 7 langs Hardangerfjorden.
  • Betre ferjetilbod på strekninga Bruravik - Brimnes, med mellom utviding av perioden med trafikk av to ferjer i sambandet.

TREKANTSAMBANDET

Trekantsambandet gir fast samband mellom Sveio, Stord og Bømlo og blir ein del av Kyststamvegen (riksveg 1). Prosjektet vil redusere reisetida med minst ein halv time for gjennomgangstrafikken. Saman med Rennfast- og Boknprosjektet og andre vegutbetringar på riksveg 1, vil utbygging av Trekantsambandet føre til at vanleg reisetid mellom Stavanger og Bergen blir redusert frå om lag seks timar i 1990 til om lag fire og ein halv time i år 2000. Prosjektet gir om lag 28 000 innbyggjarar i Stord, Fitjar og Bømlo fastlandssamband, og knyter saman om lag 140 000 personar i dette området.

Trekantsambandet skal erstatte desse fire ferjestrekningane:

  • Sagvåg (Stord) - Siggjarvåg (Bømlo)
  • Skjersholmane (Stord) - Valevåg (Sveio)
  • Skjersholmane (Stord) - Utbjoa (Ølen)
  • Mosterhamn (Bømlo) - Valevåg (Sveio)

Prosjektet vil gi ei ny vegstrekning på til saman 21,5 kilometer, og omfattar

  • Ein 7,8 kilometer lang undersjøisk tunnel frå Dalshovda (Sveio kommune) under Bømlafjorden til Føyno (Stord kommune)
  • Hengjebru over Digernessundet frå Føyno til Stord ved Digernesklubben. Brua har eit hovudspenn på 680 meter og eit sidespenn på 400 meter.
  • Hengjebru over Spissøysundet, med eit hovudspenn på 570 meter og sidespenn 420 meter.
  • Lågbru over Gassasundet, med ei samla lengd på 350 meter
  • 11,3 kilometer med veg i dagen, medrekna kryss

Tunnelen får tre køyrefelt og bruene vil ha to køyrefelt og gang- og sykkelveg.

Dei samla kostnadene for prosjektet er rekna til 1 260 millionar kroner. Det er lagt opp til at bompengar skal finansiere 850 millionar kroner av totalkostnaden. Resten, 410 millionar kroner, skal finansierast av statlege midlar som blir løyvde over riksvegbudsjettet.

Det er føresett ein bompengeperiode for etterskotsbompengar på 15 år. Dessutan skal taksten for etterskotsbompengar i gjennomsnitt liggje 40 prosent høgare enn ferjetaksten (ikkje medrekna førehandsbompengar) i bompengesambandet Sagvåg - Siggjarvåg, det vil seie det kortaste av dei ferjesambanda som blir avløyste av Trekantsambandet. Det er vidare rekna med at førehandsinnkrevjinga av bompengar skal halde fram på dei fire sambanda som vil bli avløyst av Trekantsambandet.

Med det takstsystemet som det no blir lagt opp til vil omkring 75 prosent av trafikantane betale mindre i bompengar enn det dei i dag betaler for ferjebilletten, medrekna førehandsbompengar.

Det er lagt opp til at bomstasjonen skal vere på øya Føyno.

HARDANGERBRUA

Samferdselsdepartementet meiner at dei positive verknadene av Hardangerbrua ikkje står i høve til kostnadene og miljøomsyna. - Det er og ein monaleg økonomisk risiko knytt til trafikken over brua. Ei eventuell realisering av prosjektet vil krevje store statlege løyvingar. Departementet meiner det er viktigare å prioritere andre tiltak i Indre Hardanger, og kan heller ikkje leggje avgjerande vekt på dei store lokale tilskot av midlar for å dekkje delar av byggjekostnadene.

Samferdselsdepartementet legg vekt på at ein stor del av trafikken på Hardangerbrua vil vere ferie- og fritidstrafikk. Prosjektet gir dessutan ikkje vegutløysing for nokon. Departementet har elles lagt særleg vekt på at prosjektet har låg samfunnsøkonomisk lønsemd og negative miljøverknader.

Om lag 70 prosent av trafikken i området vil vere ferie- og fritidstrafikk. Dette fører til fare for økonomien i prosjektet - fordi det er uvisse knytt til kva for alternative reiseruter dei ferie- og fritidsreisande kan komme til å velje framfor å reise over Hardangerbrua.

Dei negative miljøverknadene er særleg knytte til at bygging av brua vil føre til auka press på Hardangervidda. Vidare vil bygging av Hardangerbrua auke presset for å halde vegen over vidda open vinterstid, særleg dersom bompengeselskapet får økonomiske vanskar. Ei slik utvikling vil igjen føre til negative miljømessige verknader for nasjonalparken på Hardangervidda.

Rassikring

Statens vegvesen Hordaland har utarbeidd ein omfattande rassikringsplan for heile fylket. Riksveg 13 mellom Jøsendal og Brimnes er blant dei mest utsette områda, og det er alt gjennomført ei rekkje mindre tiltak på denne strekninga. Samferdselsdepartementet vil, i stortingsmeldinga om Norsk veg- og vegtrafikkplan for 1998 - 2007, leggje fram eit eige handlingsprogram for opprusting og dermed rassikring av riksveg 13 frå Jøsendal til Brimnes og riksveg 7 frå Granvin til Trengereid. Planmidlar for å framskunde arbeidet vil - om nødvendig - bli stilt til rådvelde i l996 og 1997.

Tiltak for turisttrafikken - og betring av ferjetilbodet.

I framlegget frå Regjeringa blir det vist til at riksveg 7 langs Hardangerfjorden er blant dei fire vegstrekningane som valde ut som satsingsområde for turisme. - Samferdselsdepartementet legg opp til å utvide denne ordninga til også å gjelde riksveg 13 mellom Jøsendal og Brimnes, samtidig som satsinga på riksveg 7 langs Hardangerfjorden held fram. Det vil bli satsa på rasteplassar og stoppestader der ein kan oppleve fossefall og utsikt. I tillegg skal det bli betre turistinformasjon og vegvising. Det kan og vere aktuelt med tiltak på vegnettet i tettstader og opprusting av ferjeleier. Føremålet med slike tiltak er å leggje til rette for auka trivsel for turistane, slik at dei dermed blir lengre tid i området.

Samferdselsdepartementet vil elles utvide trafikktilbodet på ferjesambandet Bruravik - Brimnes slik at det dekkjer behovet enda betre. Dette vil særleg omfatte ei utviding av perioden med to ferjer i sambandet og ei betring av tilbodet i helgene.


Informasjonssjef Ivar Torvik. Tlf. 22 24 81 08 (privat 22 60 21 42)


Lagt inn 8 mars 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen