Historisk arkiv

Ekstra tiltak for å auke bruken av bilbelte

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Samferdselsdepartementet


Samferdselsminister Kjell Opseth

Ekstra tiltak for å auke bruken av bilbelte

Pressekonferanse, 27.3.95

Vi har i dei siste åra hatt ei positiv utvikling når det gjeld ulykker på vegane. Både skaderisiko og dødsrisiko er sterkt redusert. Talet på drepne i trafikken ligg no på det samme nivået som i slutten av 1950-åra, til trass for at trafikken i denne tida er blitt nær ti-dobla. Ser ein på tala for drepne og skadde i høve til folketal og talet på køyretøy, kan vi seie at Noreg er blant dei mest trafikktrygge landa i verda.

Men til trass for at vi i Noreg er på verdstoppen i trafikktryggleik, må vi framleis ha stor innsats på dette feltet. Med 285 drepne i 1994, omkring 12 000 skadde i dei politiregistrerte ulykkene og nær 50 000 skadde dersom ein også reknar med skadde som ikkje kjem inn i politiet sitt register, er trafikkulykker framleis eit stort problem for folkehelsa. Dette blir enda klarare når vi ser nærmare på nokre andre tal om omfanget av trafikkulykkene. Tala er frå 1990, men gir likevel eit dekkjande bilete av situasjonen i dag. Av i alt 30 000 skadde personar som blei innlagd på sjukehus i 1990, var 5300 eller 18 prosent skadde i trafikkulykker. Vi veit ellers at 40 000 personar har vanskar og plager etter trafikkulykker som er skjedd i løpet av dei ti siste åra.

Målretta og effektive tiltak for å gjere trafikken tryggare kan vere med på redde liv og betre helsetilstanden. Dette har også ei økonomisk side: Dei samla kostnadene ved trafikkulukker utgjorde i 1993 23,4 milliardar kroner, går det fram av utrekningar frå Transportøkonomisk institutt. Dette er kostnader som blir påført mellom anna helse- og trygdevesen, politiet, rettsapparatet. Beløpet omfattar også velferdstap knytta til nedsett helse og livskvalitet både hos dei som kjem ut for ulykker og hos dei som er pårørande.

Så nokre ord om bilbelte: Vi veit at bruk av bilbelte er eit av dei tiltaka som mest effektivt fører til færre og mindre alvorlege skader i vegtrafikken. . Ei teoretisk utrekning som Transportøkonomisk institutt gjennomførte i 1990 viste at med 100 prosent bilbeltebruk, ville det årleg ha blitt 43 færre dødsfall og 520 færre personskadar blant bilførarar og bilpassasjerar. Det er derfor mykje å hente ved auka bruk av bilbelte.

Ved køyring i tettstader er det omkring 25 prosent av bilførarane som ikkje bruker belte. Ved køyring utanfor tettstader er det 15 prosent som "gløymer" å feste beltet. Desse tala har ikkje vist noko særleg endring i dei siste åra. Frå Transportøkonomisk institutt er det i dag lagt fram materiale frå to nye granskingar som, stort sett, stadfester at bruken av bilbelte framleis synest å liggje på dette nivået. Ei av desse granskingane vart utført av Transportøkonomisk institutt i februar år - på oppdrag frå Samferdselsdepartementet. Det ligg også føre materiale som tar for seg bruken av bilbelte blant passasjerar i baksetet. Her er det særleg grunn til å vere merksam på baksetepassasjerar i aldersgruppa 15 - 25 år. Dette er ei ulukkesutsett gruppe, som dessverre altfor ofte gløymer å bruke bilbelte, særleg ved køyring i tettstader. Nærmare opplysningar om bilbeltebruk finn de i det materialet som er lagt fram saman med pressemeldingane.

Det er fleire gode krefter som no går saman om ekstra tiltak for å få til auka bruk bilbelte: Samferdselsdepartementet, Justisdepartementet, Statens vegvesen, politiet, Statens informasjonsteneste og Trygg Trafikk samarbeider om tiltaka som femner over eit vidt felt: Det blir korte innslag med visning av to nylaga bilbelte-videoar i NRK sin programpost "Fulle fem", dei same bilbeltevideoane kjem også i reklamefinansiert fjernsyn og som innslag i reklamevisningane på kinoar over heile landet. Dessutan vil politi og biltilsyn i rette si verksemd inn mot bruk av bilbelte. Det blir ellers utdeling av informasjonsmateriell, særlege tiltak overfor kringkasting og presse og lokale møte og arrangement.

Vi er sjølvsagt klar over at ei aksjonsveke ikkje er nok for å få til dei endringane vi ønskjer. Positive resultat kjem berre av eit langsiktig og jamt "lagarbeid" der ein tar i bruk tiltak over eit breit felt

Denne veka som vi no går inn i, er ei markering og ei samling til ekstra innsats. Dei tiltaka som blir gjennomførte vil bli følgd opp seinare utover i 1995. Det er også meininga å gjennomføre fleire målingar i løpet av dette året - for å få fram ajourførte opplysningar om bruken av bilbelte. På grunnlag av slike målingar og ei vurdering av tiltaka som blir sette i verk i år, vil ein deretter ta stilling til om det i 1996 eller 1997 skal gjennomførast meir omfattande tiltak og kampanjar.

Sjølv om dei tiltaka som no blir sette i verk har solid forankring i norske erfaringar og kunnskap om bilbeltebruk, så har det som skjer også ei internasjonal side: Tiltaka som blir gjennomført i tida 27. mars - 2. april inngår nemleg som ein del av den norske deltakinga i ei "internasjonal veke for tryggare trafikk", som samtidig blir gjennomført i regi av FN sin økonomiske kommisjon for Europa.

Så - til slutt: Lukke til med aksjonsveka - og i det vidare arbeidet for tryggare vegtrafikk.

Lagt inn 28 juli 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen