Historisk arkiv

Nedlegging av grunnstein for ekspedisjonsbygget på Gardermoen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Samferdselsdepartementet


Samferdselsminister Kjell Opseth

Nedlegging av grunnstein for ekspedisjonsbygget på Gardermoen

25. oktober 1995.

Det er i dag vel 3 år sidan Stortinget vedtok å lokalisere og byggje den nye hovudflyplassen for Oslo-området her på Gardermoen. Og det er snaut 3 år att til den nye Oslo lufthavn Gardermoen opnar den 4. oktober 1998, og landingslysa på Fornebu blir slått av for godt.

Det er derfor på høg tid at ekspedisjonsbygget - sjølve hjarte, eller hovudpulsåra om ein vil, på den nye hovudflyplassen i dag får sin høgst fortente grunnstein. Som ein ser er dei bygningsmessige arbeida kome godt i gang.

Dei landskapsmessig endringane her på Gardermoen skjer no i aukande tempo etter kvart som framdrifta aukar. Framdrifta er i dag på 15 prosent, som er heilt i samsvar med Oslo Hovudflyplass sine framdtiftsplanar. Dei to åra som kjem - 1996 og 1997 - vil vera toppåra når det gjeld anleggsverksemd. Eg føler idag ikkje uro i høve framdrifta. Prosjektet vil nok bli styrt vel i mål innanfor dei rammene som er sett for prosjektet både når det gjeld tid, kostnader, kvalitet og miljø. Eg har sagt det før og eg gjentar det her - Gardermoutbyggjinga er ei av dei verkeleg store miljøsatsingane i Noreg etter krigen.

Ekspedisjonsbygget åleine har ein kostnad på 2,3 mrd. kroner, og vil med sine 133 000 kvadratmeter vera Noregs største bygning under eitt tak. Flateinnhaldet vil tilsvare vel 20 fotballbanar. Passasjertalet første året vil vera omlag 12 millionar, slik at bygget og vil vera eit av dei mest brukte og besøkte offentlege bygga her i landet.

Ein kan føle seg liten her ein står i byggjegropa til det som skal bli ekspedisjonsbygget til "Europas mest moderne flyplass" - omkransa av høge og kraftige betongkonstruksjonar, ein skog av kraner og tungt anleggsutstyr, og på toppen av desse betongsøylene ikkje mindre enn ein verdensrekord av takkonstruksjoner.

Som ein ser er hovudflyplassen på Gardermoen i ferd med å bli eit "heilnorsk" produkt. Styret og leiinga i Oslo Hovedflyplass AS, har som vi ser her i dag, tatt Stortinget sine forutsetningar om norsk særpreg og byggjeskikk på flyplassen på alvor ved å prosjektere og bestille norske takkonstruksjonar i limtre og ta i bruk andre norske byggjematerialer. Samstundes har norske bedrifter og norsk næringsliv så langt vist stor interesse og konkurransekraft når det gjeld oppdraga på Gardermoen. Det er i dag ein norsk andel for dei utførte arbeida på heile 92 prosent.

Eg er glad for at ein på ein så stor og komplisert arbeidsplass har lagt stor vekt på orden og disiplin på anleggsområdet. Det er avgjerande for å oppnå dei krav ein i dag må sette til tryggleik og helse på arbeidsplassen. Kvar skade som skjer er ein skade for mykje. Vi har ikkje råd til personskadar som er resultat av uvørnad eller det som er enda verre; å miste ein einaste ein av dykk som arbeider her. Dersom alle tek ansvar for sin eigen og arbeids- kameratens tryggleik, vil vi kunne nå målsetjinga om å gjennomføra flyplass- utbyggjinga som det mønsterprosjektet vi ønskjer det skal vera for norsk byggje- og anleggsbransje.

Med desse ord har eg æra av å leggje ned grunnsteinen i det bygget som kanskje meir enn noko anna vil vere med på å gje dette landet eit ansikt utad - slik vi ønskjer å framstå - som eit moderne land med røter i gode og særeigne tradisjonar.

Lagt inn 26 oktober 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen