Historisk arkiv

Opning av Informasjonssenteret på Gardermoen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Samferdselsdepartementet


Samferdselsminister Kjell Opseth

Opning av Informasjonssenteret på Gardermoen

25. oktober 1995.

Gardermoutbygginga er eit pioner- prosjekt på mange områder. Eit interessant og kanskje noko unorsk trekk ved dette prosjekt er at ein samtidig med utbygginga av flyplassen - i eit samla løft - også byggjer ut eit nytt og komplett tilbringarsystem med tog og veg til flyplassen og relokaliserar og moderniserar store og viktige forsvarsanlegg. Derfor er også den samla Gardermoutbygginga det største innanlandsprosjekt i Noreg hittil.

Det er derfor rosverdig at tiltakshavarane Oslo Hovedflyplass AS, NSB Gardermo- banen AS, Statens vegvesen Akershus og FBT/Forsvarets relokalisering Gardermoen alt i januar 1992 starta med å informere og dokumentere planlegginga og utbygginga av Gardermoprosjektet frå dette bygget.

I tillegg har òg vertskommunane Ullensaker og Nannestad delteke med informasjon.

At dette informasjonstilbodet har svart til behovet viser den store tilstrømminga. I inneværande år reknar ein med at nær 25 000 personar vil søkje hit for informasjon, sjå på utstillingane eller delta på omvisning på anleggsplassen. Dei to siste byggjeåra, 1997 og 1998 er det venta rundt 100 000 personer til Informasjonssenteret.

For å kunne ta i mot alle dei som ønskjer å bli informert om prosjektet var det naudsynt allereie no å utvida arealet.

I dag tek vi derfor steget frå Informasjonskontor til Informasjonssenter.

Informasjonssenteret er på i alt 1 150 kvm og sysselsett i dag fem informasjonstilsette som driv på heiltid. Etterkvart vil det bli behov for fleire tilsette til omvisning. Elles er det i tilknytting til senteret sysselsett minst tre årsverk i forbindelse med transportoppdrag og catering.

I tillegg til utbyggjarane sine utstillingar er det også gitt plass til ei Regionalutstilling der vertskommunar, vertsfylket og kommunar i Gardermoregionen kan kome fram med sin informasjon.

Informasjon er særdeles viktig for eit så stort og omfattande prosjekt. Eg ønskjer derfor lukke til med dette viktige arbeidet og erklærer Informasjonssenteret for opna.

Lagt inn 26 oktober 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen