Historisk arkiv

"Den norske IT-veien - bit for bit"

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Samferdselsdepartementet


Statssekretær Torstein Rudihagen

Samferdselsdepartementet

"Den norske IT-veien - bit for bit"

Vegsjefmøtet 1996, Voksenåsen 17. april 1996

Til innleiinga i " linkdoc028005-990193#docDen norske IT-vegen. Bit for bit" har vi henta eit sitat frå Håvamål (frå 119): "For krattet gror/og graset står høyt/på øde/utrådt veg". Vi veit dette gjeld i vegsektoren, men ser også ein relevans i høve til IT-vegen - informasjonsmotorvegen eller informasjonsinfrastrukturen som andre kallar den. Det er to sider ved dette. Vi må evne å utnytte IT-vegen, for mykje av den er på plass. For tida slår media opp om allslags ugras som er i ferd med å slå rot på IT-vegen. Vi må difor arbeide aktivt for å få fram gode tilbod og samstundes arbeide for å påverke haldningane til både tilbydarar, formidlarar og brukarane.

Den rivande utviklinga innafor IT har så mange moglegheitar i seg til ny verdiskapning, næringsutvikling, til kunnskapsspreiing og opplæring. Land og regionar blir knytta saman på ein ny måte som gjev auka forståing for andre folk og kulturar. Ja, i så måte kan det bli eit fredsskapande verktøy og eit verktøy for ein betre global fordeling. Den kan styrke distrikta ved at avstandane betyr stadig mindre. Det offentlege og næringslivet kan bli effektivisert. Einskildmenneskes moglegheit til demokratisk deltaking kan bli styrka. Det åpnar seg nye moglegheiter for funksjonshemma til deltaking i arbeidslivet, i kulturaktivitetar o.s.b. Ja, slik kunne eg optimisitisk rekna opp gjennom heile innleiinga mi. Ja, slik er det visst og nokon som har oppfatta rapporten vår. I debatten blir det nærast hevda at vi er nokre teknologioptimistiske statssekretærar som ikkje evner eller har vilja til å sjå skuggesidene ved utviklinga, vi evner ikkje å drøfte dei samfunnsmessige konsekvensane ved utviklinga. Eg kjenner meg ikkje att i dette. Vi er i høgste grad medvitne om desse utfordringane som vi og har peikt på i rapporten. Men utganspunktet er at vi ikkje kan velja bort teknologien, men vi kan velja å utnytte dei moglegheitane den gjev og velja å ha ei aktiv og offensiv holdning til dei samfunnsmessige utfordringane. Poenget er at vi gjer ikkje dei negative verknadene mindre med å la vera å fokusere på dei positive moglegheitane. Eg møter mykje frykt, og mykje svartmåling av dette rundt omkring, derfor trur eg at alle er tent med at vi nærmar oss dette med ein mest mogleg positiv of offensiv innfallsvinkel. Vi veit at informasjonsteknologien kjem til å påverke alle sektorar i samfunnet, enten vi vil eller ikkje. Og alle blir berørt: forbrukarar, tilsette, næringslivsleiarar og politikar. Utviklinga går fort, den er verdsomspennande og det er sider ved utviklinga som utfordrar verdiar vi set høgt: likeverd og like mogelegheiter, forbrukaromsyn og personvern, informasjonssikkerheit og opphavsrett, språk og kultur. Det er ikkje teknologien

i seg sjølv som driv utviklinga framover, men dei nye mogelegheitene som verksemder, einskildmenneske, nasjonar og regionar ser for vekst og verdiskapning, mogelegheiter som på grunn av digitaliseringa dukkar opp på stadig nye områder.

Statssekretærutvalets forslag til "Den norske IT-veien" og korleis den kan byggjast "Bit for bit", meiner vi skal gi minst like gode rammevilkår for næringslivet og den einskilde i Noreg som i andre land - samstundes som vi byggjer på dei verdiar og mål Regjeringa har for samfunnsutviklinga. Dei landa som evner å ta IT i bruk på ein offensiv og positiv måte, vil kunne få eit forsprang. Dette er utgangspunktet for vår politikk. Den internasjonale konkurransen krev at norsk næringsliv skaffar seg føremonar ved å bruke informasjonsteknologi på ein aktiv måte. Konsekvensane for sysselsetjinga blir negative dersom norske verksemder ikkje kontinuerleg sørgjer for å ta i bruk ny teknologi. Resultatet kan bli tap av svært mange arbeidsplassar i næringar som er utsette for konkurranse. Og det er vel snart alle næringar. Regjeringa sitt mål er at Noreg skal vera i første rekke blant dei moderne teknologinasjonane. Samstundes må den politiske styringa sikre at så mange som mogeleg får take del i utviklinga, gjennom opplæring i alle aldersgrupper, lavare prisar på IT- og teleområdet og betre tenester særleg innan helse- og sosialvesenet. IT for alle må bli hovedmålsettinga. Dette medfører at vi må arbeide aktivt for å motvirke skille mellom dei som meistrar og dei som ikkje meistrar.

IT-utviklinga skapar mogelegheiter og reiser mange fundamentale spørsmål for heile samfunnet. Spørsmål som går langt ut over teknologiske spørsmål, og som er sentrale problemstillingar i politikk for tele, forvaltingsutvikling, media, kultur, helse, samferdsel, utdanning, næringsutvikling og på konkurranseområdet. Heile denne bredda har vore utgangspunkt for arbeidet i statssekretærutvalet. Utvalet vart sett ned i mars i fjor med deltakarar frå sju departement og Statsministerens kontor. Gjennom IT-rapporten vil vi leggje eit grunnlag for Regjeringen sitt arbeid med ein samordna offensiv norsk IT-politikk. Samstundes ville vi gjere vårt til at IT-spørsmål blir eit allment tema som folk flest kan engasjere seg i. Vi har valt å la teknologien vere ein underliggjande føresetnad. I staden har vi retta søkelyset på dei mogelegheiter og det perspektiv informasjonsteknologien gjev på ulike samfunnsområde og i høve til samfunnsutviklinga. Og på korleis vi kan utnytte dette bedre i Norge.

I IT-rapporten er det 30 politikkformuleringar som vi ventar vil bli ein del av politikken på dei ulike områda. Vi har 60 forslag til tiltak som vi håpar skal gje konkrete resultat i høve til utviklinga. Oppfølginga ligg nå i dei enkelte departement, men vert fylgd tett av Statssekretærutvalget for IT og av Regjeringa sitt IT-utvalg. På nokre område vil forslaga bli følgt opp og konkretisert gjennom Stortingsproposisjonar og Stortingsmedlingar. Andre område vil bli handsama i Langtidsprogrammet for neste programperiode. Ein del av tiltaka vil bli gjennomført innafor allereie opptrekte rammer og er i gang som konkrete prosjekt.

Status på IT-området

I høve til mange land ligg vi godt an, på mange område. Vi har låge teleprisar som kjem heile landet til gode og god infrastruktur. Vi har stor utbreiing av informasjonsteknologi i arbeidsliv og heime hos folk. Internasjonalt er Noreg i tetgruppa saman med våre skandinaviske naboland og USA når det gjeld IT- og teleinvesteringar pr. innbyggjar og IT-arbeidsplassar. Over halvparten av alle sysselsette i Noreg brukar PC i arbeidet. I det offentlege - særleg innanfor offentleg administrasjon, undervisning og forskning - har så godt som alle tilgang til IT på arbeidsplassen. Dette er langt over landsgjennomsnittet. I offentleg tenesteyting brukar anslagsvis 2/3 IT i arbeidet sitt.

Vi har over 3 millionar telefonabonnement og ein tredjedel av desse er mobile. Og tel vi opp alle nettilknytningspunkt i kabelfjernsyns- og telenettet og legg satelittmottakarane på toppen, kjem vi til over 3,5 millionar faste tilknytningspunkt. Sjølv om alle ikkje er tovegs (enno) er dei alle påverka av den teknologiske utviklinga som gjer at ulike nett og tenester vert digitale og nærmar seg kvarandre og kan brukast til "alt". Dette gjev interessante perspektiv på mogelegheitene i tida framover.

Tala statssekretærutvalet har fått fram når det gjeld IT-utbreiing viser at vi er eit rikt land som har skaffa oss svært godt utstyr. Det vi manglar tal på nasjonalt og for andre land er korleis vi nyttar IT-investeringane. Truleg utnyttar vi neppe mogelegheitene godt nok. Og då er det ikkje nok å ha det finaste og beste utstyret.

I tospann for framtida

Samarbeidshøva mellom offentleg og privat sektor er velutvikla, og dette må vi utnytte. Statssekretærutvalet meiner at hovedstrategien for den norske vegen må være at det offentlege og det private går i tospann for framtida. Med ei klar rolle og ansvarsdeling og ei klar forståing av kvarandre sine hovudutfordringar og hovudoppgåver. I dette biletet høyrer sjølvsagt arbeidstakarsida også heime.

I mange land har styresmaktene valt å invitere næringslivet til å investere i den IT-baserte infrastrukturutviklinga, framfor å nytte fellesskapet sine midlar. Norske styresmakter ser at næringslivet er villig til å satse og har store forventningar til dei moglegheitene som vert skapt.

Det er difor statssekretærutvalet seier at næringslivet inklusive dei statleg eigde verksemdene vil måtte ta ansvaret for infrastrukturutbygging, sjå dette i høve til eigen produkt- og forretningsutvikling og byggje opp nødvendig kunnskap i eiga verksemd. De må sjølve ta ansvar for å ta i bruk, følgje med på utviklinga, sjå mogelegheitene og utnytte det potensialet som teknologien gjev.

Vi meiner at rolla til styresmaktene primært bør vere å lage spelereglar som gir framsynte rammevilkår, og som samstundes gir oss mogelegheiter for politisk styring.

Gjennom lovverk og reguleringar vil vi ta vare på samfunnsomsyn: som tilgang til teletenester for alle på rimelege vilkår og med kvalitet på høgde med det beste i verda. Personvern, opphavsrett, datasikkerheit er nokre av dei omsyn som må takast vare på. Det same gjeld omsyn til brukarar med særskilde behov som til dømes funksjonshemma. Rammevilkåra skal vere med og fremja reell konkurranse.

Samanliknar vi Den norske IT-vegen med tilsvarande satsingar i andre land, kjem det klårt fram at vi ser for oss at offentleg sektor skal spele ei aktiv rolle. Fleire av dei satsingane som vi trekkjer fram er knytte til viktige offentlege fellesoppgåver innan miljø- og samferdslesektoren, i helse- og utdanningssektoren. Vi trur at desse satsingane i seg sjølve vil skape positive ringverknader for samfunnet som heile. Den offensive satsinga på å fornye offentleg sektor vil gje utfordringar til IT-næringa.

Spelet om spelereglane

På tele-, medie-, opphavsretts- og personvernområdet har vi i dag ei regulering som utvalet meiner vi må sjå nærare på. For tida arbeider Samferdselsdepartementet med eit Stortingsframlegg, der vi tek opp dei utfordringane vi står overfor ved ei omregulering av telemarknaden. Ei utfordring i dette framlegget er å finne verkemiddel som sikrar våre telepolitiske målsetjingar i ein situasjon med generell konkurranse. Vi vil vidareføre den politiske lina som har gitt oss ein teleinfrastruktur som få andre land har, og teleprisar som ligg godt under andre land - med ein profil som også er gagnleg for distrikta.

Dette arbeidet vil og røre ved medieområdet, fordi det skal bli mogeleg å formidle både kringkasting og teletenester over alle typar infrastruktur - frå topars koparledning til kabel-fjernsyns-nett til eteren. Vi snakkar med andre ord om å opne opp nye strekningar på den norske IT-veien med påkøyringsmogelegheiter frå alle typar nett. Desse nye rammevilkåra vil vidareføre dei politiske måla om teletenester på høgde med dei beste i verda til lågast mogeleg pris for alle. Gjennom regulert konkurranse vil vi få eit fortsatt prisfall på alle typer tenester.

Utvalet meiner at både tele- og medielovgivinga bør vere mest mogeleg teknologiuavhengig og ikkje binde det enkelte medium til bestemte infrastrukturar. Multimediatenester bør kunne leverast på alle typar nett uavhengig av den tradisjonelle inndelinga. Utvalet mener det bør leggast til rette for programsendingar over telenettet i tillegg til kringkasting i eteren og over eigne kabelnett. Dette skaper grunnlag for nye tenester som til dømes video på bestilling.

Som nemnd tidlegare er det eit stort næringspotensiale i bit-bransjen når netta skal fyllast av tilbod. Tilboda bør vera noko meir enn reklame. Dette føreset at dei som lever av åndsverk får godtgjersle for bruk av desse også når dei er i digital form. Løysinga på desse utfordringane er internasjonal, og Noreg må vere aktivt med i å få gode og rettvise ordningar på plass som kan balansere dei hensyn som trengs for at det skal bli fart i "bit-industrien".

Eit regjeringsoppnemnd utval som skal sjå på personvernlovgjevinga er allereie i gang. Målet er å få ei lovgjeving som tek vare på personvernet, ja kanskje til og med styrkar personvernet, samstundes som mogelegheitene til effektiv bruk og utveksling av informasjon vert betre. Dette utvalet skal gje si innstilling i mars 1997.

Vi har store forventingar til elektronisk kommunikasjon og nettinfrastrukturen, og meiner elektroniske informasjonsnettverk kan effektivisere forretningsdrift og gi oss ei betre offentleg forvalting. Men dersom tryggleiken i netta ikkje er god nok, vil brukarane vere tilbakehaldne med å bruke elektronisk kommunikasjon.

Difor må vi arbeide aktivt med løysingar som vil skape tillit hos brukarane, til at informasjonen er rett, sikre at sensitiv informasjon berre er tilgjengeleg for autoriserte brukarar, og at uautoriserte ikkje kan få tilgang til, endre eller øydelegge informasjon. Her ser vi for oss eit samarbeid mellom styresmaktene og privat sektor.

Dette er internasjonale utfordringar og arbeidet bør samordnast med tilsvarande initiativ internasjonalt. Dette er føresetnader for elektronisk handel, elektroniske marknader og åpne elektroniske betalingstenester. Vi treng løysingar for å sikre mellom anna personvernet og økonomiske interesser.

IT i samferdslesektoren

Statssekretærutvalet meiner at bruken av informasjonsteknologi må auke i alle deler av samferdselssektoren og mellom anna brukast i arbeidet for ein effektiv transportsektor med stor vekt på tryggleik. Meir avanserte betalings- og billettsystem, betre informasjonssystem og system for vegprising vil kunne ha positiv innverknad på utnytting av kapasiteten og på miljøet. Sjølv om mykje er i gang, ser vi behov for ei samla strategisk satsing for heile sektoren, ikke minst innafor forskning for å få fram ny kunnskap.

Vi meiner at arbeidet med å etablere eit elektronisk veginformasjonssystem med digitale vegkart, satellittbasert posisjonering og vegdata bør fullførast. Dette kan gje store gevinstar i transportsektoren. Slike system var i bruk under OL på Lillehammer og vert no prøvd ut for ambulansar, drosjer og varetransport. Trafikantane vil kunne få meir og betre informasjon om til dømes trafikksituasjonen, køyreforhold og best mogelege rute. Dette vil kunne ha ei rad positive effektar både for bilistane og for andre, til dømes dei som bur langs vegane.

Også når det gjelder tryggleiken i trafikken kan auka bruk av informasjonsteknologi ha positive effektar, særleg i samband med kommunikasjonsliner mellom veg og køyrety og mellom kørety. Til dømes kan slike system nyttast til måling av avstand mellom køretøy og til navigering. Men det er og farer ved at auka bruk av IT kan påvirke tryggleiken i trafikken negativt då dei nye systema kan leie merksemda bort frå trafikkbiletet.

I det heile bør ny informasjons- og teleteknologi kommer tyngre inn i transportsektoren med bruksområde som mellom anna miljø- og trafikkovervaking, ruteplanlegging og drift- og vedlikehold av vegnettet. Gjennom geografisk avgrensa demonstrasjonsprosjekt kan ein vinne naudsynte erfaringar for større satsingar.

Sentralt i mange samferdsleorienterte IT-system er dei geografiske informasjonssystema. Statssekretærutvalet meiner at Noreg si leiande stilling i geografisk og maritim informasjonsteknologi må utnyttast både nasjonalt og i offensive satsingar internasjonalt. Gjennom det offentlige vil det bli utvikla ein krevjande heimemarknad som vil kunne gje vår industri eit godt utgangspunkt. Vi meiner at vi må få fram digitale kart for heile Noreg, både land- og nære sjøområde. Denne geografiske informasjonen vil vere grunnlag for både kartproduksjon og for system for til dømes transport- og trafikkplanlegging, navigering, arealplanlegging, regulering og administrasjon.

Eit anna viktig område som ligg nær vår sektor er miljø. Om dette seier statssekretærutvalet at Noreg ved bruk av informasjonsteknologi skal bli eit føregangsland internasjonalt innafor miljøeffektivitet og miljøovervaking. Til tross for fleire gode enkeltsystem, rår det framleis informasjonskaos innafor miljøområdet. Gjennom eit felles referansesystem for miljøinformasjon, kan vi forenkle gjenfinning og bruk av miljødata, for næringsliv, organisasjonar og forvaltinga. Lett tilgjengeleg miljøinformasjon vil vi kunne gje eit breiare og betre beslutningsgrunnlag. Samstundes vil ressursbruk knytta til innsamling, gjenfinning og gjenbruk av miljøinformasjon bli meir effektiv.

IT kan gje ein miljøeffekt dersom den påvirkar bruken av vegnettet slik at til dømes køyrelengda vert kortare, fører til mindre køer og leier trafikken bort frå strekningar med store lokale miljøproblem. Telependling, telefon- og videomøter og betre logistikk vil kunne begrense det totale trafikkomfanget. Og dersom vi koblar system for overvaking av luftkvalitet med trafikkregulering, vil vi kunne redusere dei lokale miljøproblema i problemsonene med å dirigere trafikk utanom slike områd når luftkvaliteten blir dårlegare enn ein fastsett standard.

Vegprising vil kunne gje ei samfunnsøkonomisk meir optimal utnytting av vegnettet og ei smidigare trafikkavvikling. Dette vil også kunne ha positive miljøeffektar. Prinsippet bak vegprising er at prisen på bruk av ei bestemt vegstrekning på eit bestemt tidspunkt vert differensiert etter ulike kjennetegn ved vegstrekning og køyretyet, til dømes etter miljøkostnad og trafikkbelastning. Det står framleis att ein del arbeid, både på den tekniske og organisatoriska sida før slike system kan takast i bruk i stor målestokk. Personvernhensynet står sentralt i det vidare arbeidet, og det vert mellom anna arbeida med å utvikle prisingssystem der trafikanten er anonym for operatøren av systemet. Ei anna utfordring er å utvikle løysingar som også tar hensyn til bilar som ikkje har montert elektronisk innkrevingsutstyr.

Lat meg også nemne elektroniske informasjonsnettverk i bransjar og næringar, som representerer eit stort verdiskapingspotensial for norsk næringsliv og kan bidra til effektivisering og utvikling i både privat og offentlig sektor. Til dømes vert det arbeidd med eit pilotprosjekter for etablering av elektroniske informasjonsnettverk bygg- og anleggsbransjen og i reiselivsnæringa. De som er storbrukarar av tenester frå bygg- og anleggsbransjen vil gjennom eit slikt nettverk kunne kommunisere med leverandørane på heilt andre måtar enn tidlegare, og oppleve både meir og betre samarbeid og informasjonsflyt i samband med leveransar og oppdrag.

Bruk av nettverk med mogelegheiter for overføring av informasjon i form av bilete, video og lyd er spesielt interessant for reiselivsnæringa. Gjennom eit pilotprosjekt for regionalt og nasjonalt samarbeid for markedsføring og sal av norske reiselivsprodukt internasjonalt bør det etablerast eit informasjonsnettverk bygd på dei erfaringane som allereie er gjort gjennom mellom anna eit prøveprosjekt på Internett. Og etablering av eit slikt nettverk er også interessant for dykk med det samarbeidet som er mellom transportsektoren og reiselivsnæringa.

IT i offenleg sektor

Storleiken på offentleg sektor og rolla som myndigheit, tenesteytar og brukar gjer at det offentlege vil spele ei svært viktig rolle i utviklinga av informasjonssamfunnet. Offentleg sektor må gå føre og vere eit lokomotiv i utviklinga. Der offentleg forvalting er i direkte kontakt med næringsliv og publikum, vil forbetringar påverke effektiviteten i det private direkte. Til dømes har elektronisk tolldeklarering gitt store kostnadsreduksjonar for både tollvesenet og næringslivet. Statssekretærutvalet ser store mogelegheiter for å fornye og forbetre offentleg sektor, og i den samanhengen høyrer sjølsagt også vegetaten heime. Det er viktig at heile samferdslesektoren vert med på denne utviklinga.

Statssekretærutvalet meiner at elektronisk kommunikasjon skal bli ei vanleg kommunikasjonsform innad i offentleg sektor og utad. Publikum skal kunne få offentleg informasjon elektronisk og kunne kommunisere elektronisk med det offentlige. Elektronisk post skal på plass i heile forvaltinga og bli ei vanleg kommunikasjonsform, og vi må etablere nye og videreutvikle informasjonstjenester som til dømes ODIN. Vi må sikre oss at elektronisk kommunikasjon og elektroniske dokumenter vert handsama korrekt og forsvarleg i høve til offentlegheitslov og forvaltingslov.

Vi meiner at elektronisk sakshandsaming skal være den normale forma i statsforvaltinga og skal gradvis erstatte den papirbasert handsaminga.

Ein viktig føresetnad er at vi har infrastrukturen med tilhøyrande tenester på plass, både lange og mange nett slik at alle kan nå alle innafor det offentlege. Vi er godt i gang med å etablere samanhengande nett i staten med koblingar mot Internettet. Det er også i gang samarbeid mellom stat og kommune om eit standardisert forvaltningsnett som omfattar heile offentleg sektor slik at elektronisk kommunikasjon kan takast i bruk over alt. Den grunnleggjande tenkinga i dette arbeidet er å byggje opp infrastrukturen som nett av nett, med sikkerheitstiltak og gjennomgåande standardisering basert på felles krav. Samtrafikk med eksterne nett går gjennom særskilt sikra kommunikasjonsportar. Sektorane som har eigne nett må tilpasse desse slik at dei teknisk sett kan integrerast i eit heilskapleg statleg informasjonsnett.

Konklusjon

Eg vil avrunde med at vi har eit godt utgangspunkt, vi er på veg, men mange bitar skal på plass, og mange aktørar har ei rolle i arbeidet. Eg vonar på eit godt og konstruktivt samspel mellom myndigheiter, næringslivet og partane i arbeidslivet basert på ei god forståing av våre utfyllande roller, slik at vi kan leggje eit nytt fundament for vekst og utvikling.

Og for den einskilde ser eg klårt at livslang læring blir viktigare enn nokonsinne og truleg den største oppgåva vi har framfor oss for å førebu oss best mogeleg til det vi kallar informasjonssamfunnet. Både no som det veks fram og i framtida, når kunnskap blir den viktigaste innsatsfaktoren i all verksemd.


Lagt inn 19 april 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen