Historisk arkiv

"Den norske IT-veien - bit for bit"

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Samferdselsdepartementet


Statssekretær Torstein Rudihagen

Samferdselsdepartementet

"Den norske IT-veien - bit for bit"

Åpent debatt og høringsmøte 16. april 1996

For 3 månader sidan lanserte vi "Den norske IT-veien" i Tromsø. Og fordi avstandar langt på veg kan opphevast, kunne vi også lansere rapporten her i denne salen samstundes. Gjennom tovegs videosamband og storskjerm kunne eg vere virtuelt til stades. Men teknologien eller vår bruk av teknologien har sine begrensningar. Det er nok dei som trur at teknologien kan erstatte sosialt samvær, og det kan vera ein berettiga grunn til å frykte at dei fysiske sosiale treffpunkt avil bli ferre. Men som dei sosiale vesena vi er, vil vi nok så mykje som mogleg, kome saman på tradisjonelt vis. Så for å få eit godt debatttmøte har vi denne gongen samla alle her. Førsteopplaget av "Bit for bit" vart reve bort og mesteparten av andre opplaget er gått ut. I alt er nærare 9.000 eksemplar av rapporten sendt ut og debatten går i mange fora og på mange nivå.

Den rivande utviklinga innafor IT har så mange moglegheitar i seg til ny verdiskapning, næringsutvikling, til kunnskapsspreiing og opplæring. Land og regionar blir knytta saman på ein ny måte som gjev auka forståing for andre folk og kulturar. Ja, i så måte kan det bli eit fredsskapande verktøy og eit verktøy for ein betre global fordeling. Den kan styrke distrikta ved at avstandane betyr stadig mindre. Det offentlege og næringslivet kan bli effektivisert. Einskildmenneskes moglegheit til demokratisk deltaking kan bli styrka. Det åpnar seg nye moglegheiter for funksjonshemma til deltaking i arbeidslivet, i kulturaktivitetar o.s.b. Ja, slik kunne eg optimisitisk rekna opp gjennom heile innleiinga mi. Ja, slik er det visst og nokon som har oppfatta rapporten vår. I debatten blir det nærast hevda at vi er nokre teknologioptimistiske statssekretærar som ikkje evner eller har vilja til å sjå skuggesidene ved utviklinga, vi evner ikkje å drøfte dei samfunnsmessige konsekvensane ved utviklinga. Eg kjenner meg ikkje att i dette. Vi er i høgste grad medvitne om desse utfordringane som vi og har peikt på i rapporten. Men utganspunktet er at vi ikkje kan velja bort teknologien, men vi kan velja å utnytte dei moglegheitane den gjev og velja å ha ei aktiv og offensiv holdning til dei samfunnsmessige utfordringane. Poenget er at vi gjer ikkje dei negative verknadene mindre med å la vera å fokusere på dei positive moglegheitane. Eg møter mykje frykt, og mykje svartmåling av dette rundt omkring, derfor trur eg at alle er tent med at vi nærmar oss dette med ein mest mogleg positiv of offensiv innfallsvinkel. Vi veit at informasjonsteknologien kjem til å påverke alle sektorar i samfunnet, enten vi vil eller ikkje. Og alle blir berørt: forbrukarar, tilsette, næringslivsleiarar og politikar. Utviklinga går fort, den er verdsomspennande og det er sider ved utviklinga som utfordrar verdiar vi set høgt: likeverd og like mogelegheiter, forbrukaromsyn og personvern, informasjonssikkerheit og opphavsrett, språk og kultur. Det er ikkje teknologien i seg sjølv som driv utviklinga framover, men dei nye mogelegheitene som verksemder, einskildmenneske, nasjonar og regionar ser for vekst og verdiskapning, mogelegheiter som på grunn av digitaliseringa dukkar opp på stadig nye områder.

Statssekretærutvalets forslag til "Den norske IT-veien" og korleis den kan byggjast "Bit for bit", meiner vi skal gi næringslivet og den einskilde minst like gode rammevilkår i Noreg som i andre land - samstundes som vi byggjer på dei verdiar og mål Regjeringa har for samfunnsutviklinga. Dei landa som evner å ta IT i bruk på ein offensiv og positiv måte, vil kunne få eit forsprang. Dette er utgangspunktet for vår politikk. Den internasjonale konkurransen krev at norsk næringsliv skaffar seg føremonar ved å bruke informasjonsteknologi på ein aktiv måte. Konsekvensane for sysselsetjinga blir negative dersom norske verksemder ikkje kontinuerleg sørgjer for å ta i bruk ny teknologi. Resultatet kan bli tap av svært mange arbeidsplassar i næringar som er utsette for konkurranse. Og det er vel snart alle næringar. Regjeringa sitt mål er at Noreg skal vera i første rekke blant dei moderne teknologinasjonane. Samstundes må den politiske styringa sikre at så mange som mogeleg får ta del i utviklinga, gjennom opplæring i alle aldersgrupper, lavare prisar på IT- og teleområdet og betre tenester særleg innan helse- og sosialvesenet. IT for alle må bli hovedmålsettinga. Dette medfører at vi må arbeide aktivt for å motvirke skille mellom dei som meistrar og dei som ikkje meistrar.

IT-utviklinga skapar mogelegheiter og reiser mange fundamentale spørsmål for heile samfunnet. Spørsmål som går langt ut over teknologiske spørsmål, og som er sentrale problemstillingar i politikk for tele, forvaltingsutvikling, media, kultur, helse, samferdsel, utdanning, næringsutvikling og på konkurranseområdet. Heile denne bredda har vore utgangspunkt for arbeidet i statssekretærutvalet. Utvalet vart sett ned i mars i fjor med deltakarar frå sju departement og Statsministerens kontor. Gjennom IT-rapporten vil vi leggje eit grunnlag for Regjeringen sitt arbeid med ein samordna offensiv norsk IT-politikk. Samstundes ville vi gjere vårt til at IT-spørsmål blir eit allment tema som folk flest kan engasjere seg i. Vi har valt å la teknologien vere ein underliggjande føresetnad. I steden har vi retta søkelyset på dei mogelegheiter og det perspektiv informasjonsteknologien gjev på ulike samfunnsområde og i høve til samfunnsutviklinga. Og på korleis vi kan utnytte dette bedre i Norge.

I IT-rapporten er det 30 politikkformuleringar som vi ventar vil bli ein del av politikken på dei ulike områda. Vi har 60 forslag til tiltak som vi håpar skal gje konkrete resultat i høve til utviklinga. Mange etterlyser konkret oppfølging, oppfølginga ligg nå i dei enkelte departement, men vert fylgd tett av Statssekretærutvalget for IT og av Regjeringa sitt IT-utvalg. På nokre område vil forslaga bli følgt opp og konkretisert gjennom Stortingsproposisjonar og Stortingsmedlingar. Andre områder vil bli handsama i Langtidsprogrammet for neste programperiode. Ein del av tiltaka vil bli gjennomført innafor allereie opptrekte rammer og er i gang som konkrete prosjekt.

IT er ikkje løfta ut spesielt, men inngår i samtlige departement sitt ansvarsområde, utfrå dei oppgåver dei elles har. Så sjølv om IT-utviklinga påvirkar alle sektorar og såleis er sektorovergripande, skaper nye mogelegheiter og endrar forutsetningane på ei rekkje område, så er ikkje IT-politikken i seg sjølv noko som kan løftast ut. Dette synet kom også fram i Stortinget nyleg då dei mellom anna diskuterte spørsmålet om eit teknologiråd. Tilsvarande måte å handtere dette på finn vi også i andre land.

Digitalisering og nye rutiner i produksjon og administrasjon - ei omlegging som skjer i alle land - reduserer behovet for arbeidskraft i tradisjonelle næringar, men skapar store oppgåver for IT-næringa.

Sammensmeltinga mellom informasjonsteknologi, tele og kringkasting gir oss det vi kan kalle den utvida eller skal vi heller seie breie IT-bransjen, som vi kan forkorte til BIT-bransjen. I bit-bransjen endar alle produkt og all verdiskaping opp i ei form der den minste eininga er bit, som kan distribuerast fysisk på diskettar og CD-plater eller elektronisk gjennom nett og eteren. Nye teletenester, nye programvareprodukt, nye digitale multimedieprodukt og reine informasjonsprodukt som gjev innhald til dei nye media, ventar vi vil skape mange nye arbeidsplassar. Vi må være budde på store strukturendringar i desse næringane, med både vekst og mannefall, suksessar og katastrofar og overraskande alliansar - truleg i eit endå større tempo enn hittil.

Stadig fleire vil vere sysselsett med handsaming av informasjon i ei eller anna form. Eg ser at leiar i Kulturrådet, Jon Bing seier i eit intervju i Aftenposten søndag at i det postindustrielle samfunnet vi er på veg inn i, er det informasjonsteknologien og dermed ordet som blir det sentrale. Det postindustrielle samfunnet er eit kultursamfunn. Og dei som aktivt arbeider med språket og formidling av kultur, både enkeltmenneske og institusjonar har svært sentrale og framtidsretta oppgåver. Næringar som baserer verksemda på åndsverkslova bidrar like mykje til den norske økonomien som jordbruk, fiske og bergverk til saman.

I bank, forsikring og finans, i offentleg forvaltning og undervisning er handsaming og utveksling av informasjon kjerneverksemda. Mange tilbyr dei same tenestene som før, men kvalitativt betre med bruk av informasjonsteknologi. Både bank og forsikring er på veg inn i nye marknader. I tenesteytande næringar som sjøfart, reiseliv, handel og helsevesenet er innslaget av informasjonshandsaming og kommunikasjon stort og aukande.

Det er ei særskilt utfordring å sikre at små og mellomstore bedrifter får kompetanse i å utnytte informasjonsteknologien. Tidsfaktoren bli stadig viktigere i konkurransen. Det å kunne levere utan bestillingstid og å ha kort tid frå idé til produkt har stor betydning. Og mange av dei som ikkje lever av "bits", men fysiske produkt (der den minste eininga er "atom"), har som mål at ein størst mogeleg andel av lageret skal være "på hjul" på veg til kunden. La meg ta eit døme frå møbelbransjen: 20 verksemder har saman fått fram felles edb-baserte styringsverkty for økonomi, ordre og produksjon. Dei kan møte krava om fleire variantar, rask og nøyaktig levering samstundes som lageret er minimalt. Verksemdene meinar dei no har årlege innsparinger på 30-50 mill. kroner, og har samstundes gjort det internasjonale salsapparatet meir effektivt.

I høve til mange land ligg vi godt an, på mange område. Vi har låge teleprisar som kjem heile landet til gode og god infrastruktur. Vi har stor utbreiing av informasjonsteknologi i arbeidsliv og heime hos folk. Internasjonalt er Noreg i tetgruppa saman med våre skandinaviske naboland og USA når det gjeld IT- og teleinvesteringar pr. innbyggjar og IT-arbeidsplassar. Over halvparten av alle sysselsette i Noreg brukar PC i arbeidet. I det offentlege - særleg innanfor offentleg administrasjon, undervisning og forskning - har så godt som alle tilgang til IT på arbeidsplassen. I offentleg tenesteyting brukar anslagsvis 2/3 IT i arbeidet sitt. Vi har over 3 millionar telefonabonnement og ein tredjedel av desse er mobile. Og tel vi opp alle nettilknytningspunkt i kabelfjernsyns- og telenettet og legg satelittmottakarane på toppen, kjem vi til over 3,5 millionar faste tilknytningspunkt. Sjølv om alle ikkje er tovegs (enno) er dei alle påverka av den teknologiske utviklinga som gjer at ulike nett og tenester vert digitale og nærmar seg kvarandre og kan brukast til "alt". Dette gjev interessante perspektiv på mogelegheitene i tida framover.

Tala statssekretærutvalet har fått fram når det gjeld IT-utbreiing viser at vi er eit rikt land som har skaffa oss svært godt utstyr. Det vi manglar tal på nasjonalt og for andre land er for korleis vi nyttar IT-investeringane. Truleg utnyttar vi neppe mogelegheitene godt nok. Og då er det ikkje nok å ha det finaste og beste utstyret.

Samarbeidshøva mellom offentleg og privat sektor i Noreg er velutvikla, og dette må vi utnytte. Statssekretærutvalet meiner at hovedstrategien for den norske vegen må være at det offentlege og det private går i tospann for framtida. Med ei klar rolle og ansvarsdeling og ei klar forståing av kvarandre sine hovudutfordringar og hovudoppgåver. I dette biletet høyrer sjølvsagt arbeidstakarsida også heime.

I mange land har styresmaktene valt å invitere næringslivet til å investere i den IT-baserte infrastrukturutviklinga, framfor å nytte fellesskapet sine midlar. Norske styresmakter ser at næringslivet er villig til å satse og har store forventningar til dei moglegheitene som vert skapt.

Det er difor statssekretærutvalet seier at næringslivet inklusive dei statleg eigde verksemdene vil måtte ta ansvaret for infrastrukturutbygging, sjå dette i høve til eigen produkt- og forretningsutvikling og byggje opp nødvendig kunnskap i eiga verksemd. De må sjølve ta ansvar for å ta i bruk, følgje med på utviklinga, sjå mogelegheitene og utnytte det potensialet som teknologien gjev.

Vi meiner at rolla til styresmaktene primært bør vere å lage spelereglar som gir framsynte rammevilkår, og som samstundes gir oss mogelegheiter for politisk styring.

Gjennom lovverk og reguleringar vil vi ta vare på samfunnsomsyn: som tilgang til teletenester for alle på rimelege vilkår og med kvalitet på høgde med det beste i verda. Personvern, opphavsrett, datasikkerheit er nokre av dei omsyn som må takast vare på. Det same gjeld omsyn til brukarar med spesielle behov som t.d. funksjonshemma. Rammevilkåra skal vere med og fremja reell konkurranse.

Samanliknar vi Den norske IT-vegen med tilsvarande satsingar i andre land, kjem det klårt fram at vi ser for oss at offentleg sektor skal spele ei aktiv rolle. Fleire av dei satsingane som vi trekkjer fram er knytte til viktige offentlege fellesoppgåver innan miljø- og samferdslesektoren, i helse- og utdanningssektoren. Vi trur at desse satsingane i seg sjølve vil skape positive ringverknader for samfunnet som heile. Den offensive satsinga på å fornye offentleg sektor vil gje utfordringar til IT-næringa.

På tele-, medie-, opphavsretts- og personvernområdet har vi i dag ei regulering som utvalet meiner vi må sjå nærare på. For tida arbeider Samferdselsdepartementet med eit Stortingsframlegg, der vi tek opp dei utfordringane vi står overfor ved ei omregulering av telemarknaden. Ei utfordring i dette framlegget er å finne verkemiddel som sikrar våre telepolitiske målsetjingar i ein situasjon med generell konkurranse. Vi vil vidareføre den politiske lina som har gitt oss ein teleinfrastruktur som få andre land har, og teleprisar som ligg godt under andre land - med ein profil som også er gagnleg for distrikta.

Dette arbeidet vil og røre ved medieområdet, fordi det skal bli mogeleg å formidle både kringkasting og teletenester over alle typar infrastruktur - frå topars koparledning til kabel-fjernsyns-nett og til eteren. Vi snakkar med andre ord om å opne opp nye strekningar på den norske IT-veien med påkøyringsmogelegheiter frå alle typar nett. Desse nye rammevilkåra vil vidareføre dei politiske måla om teletenester på høgde med dei beste i verda til lågast mogeleg pris for alle. Gjennom regulert konkurranse vil vi truleg få eit fortsatt prisfall på alle typer tenester.

Utvalet meiner at både tele- og medielovgivinga bør vere mest mogeleg teknologiuavhengig og ikkje binde det enkelte medium til bestemte infrastrukturar. Multimediatenester bør kunne leverast på alle typar nett uavhengig av den tradisjonelle inndelinga. Utvalet mener det bør leggast til rette for programsendingar over telenettet i tillegg til kringkasting i eteren og over eigne kabelnett. Dette skaper grunnlag for nye tenester som til dømes video på bestilling.

Som nemnd tidlegare er det eit stort næringspotensiale i bit-bransjen når netta skal fyllast av tilbod. Tilboda bør vera noko meir enn reklame. Dette føreset at dei som lever av åndsverk får godtgjersle for bruk av desse også når dei er i digital form. Løysinga på desse utfordringane er internasjonal, og Noreg må vere aktivt med i å få gode og rettvise ordningar på plass som kan balansere dei hensyn som trengs for at det skal bli fart i "bit-industrien".

Eit regjeringsoppnemnd utval som skal sjå på personvernlovgjevinga, er allereie i gang. Målet er å få ei lovgjeving som tek vare på personvernet, ja kanskje til og med styrkar personvernet, samstundes som mogelegheitene til effektiv bruk og utveksling av informasjon vert betre. Dette utvalet skal gje si innstilling i mars 1997.

Vi har store forventingar til elektronisk kommunikasjon og nettinfrastrukturen, og meiner elektroniske informasjonsnettverk kan effektivisere forretningsdrift og gi oss ei betre offentleg forvalting. Men dersom tryggleiken i netta ikkje er god nok, vil brukarane vere tilbakehaldne med å bruke elektronisk kommunikasjon.

Difor må vi arbeide aktivt med låysingar som vil skape tillit hos brukarane, til at informasjonen er rett, sikre at sensitiv informasjon berre er tilgjengeleg for autoriserte brukarar, og at uautoriserte ikkje kan få tilgang til, endre eller øydelegge informasjon. Her ser vi for oss eit samarbeid mellom styresmaktene og privat sektor.

Dette er internasjonale utfordringar og arbeidet bør samordnast med tilsvarande initiativ internasjonalt. Dette er føresetnader for elektronisk handel, elektroniske marknader og åpne elektroniske betalingstenester. Vi treng løysingar for å sikre mellom anna personvernet og økonomiske interesser.

Skule og utdanning er eit svært sentralt område i den utviklinga vi ser rundt oss. Vi ser at rett brukt kan informasjonsteknologien gi nye og spennande pedagogiske innfallsvinklar i mange fag. Geografitimen blir noko heilt anna hvis ein samstundes kan få kontakt med menneske i andre land, lese kva dei fortel om seg sjølve og kunne få vite kva dei er opptekne av i øyeblikket. Elevar og studentar på alle nivå må ha tilgang til IT i undervisninga og få naudsynt kunnskap til å meistre teknologien og forstå det som er naudsynt for bruk i læringa. Det same gjeld befolkninga elles, og der trur vi teknologien vil vere heilt avgjerande skal vi lykkes i eit nytt

Bruk av IT kan gjera det lettare å utføre arbeid frå heimen eller andre plassar enn den ordinære arbeidsstaden. Dette opnar for å kombinere arbeid og omsorgsoppgaver. Funksjonshemma får nye moglegheiter. Samtidig ligg det her ein fare for isolasjon og ei utfordring i å tilpasse det arbeidsrettslege regelverket denne telependlinga.

Storleiken på offentleg sektor og rolla som myndigheit, tenesteytar og brukar gjer at det offentlege vil spele ei svært viktig rolle i utviklinga av informasjonssamfunnet. Offentleg sektor må gå føre og vere eit lokomotiv i utviklinga. Der offentleg forvalting er i direkte kontakt med næringsliv og publikum, vil forbetringar påverke effektiviteten i det private direkte. Til dømes har elektronisk tolldeklarering gitt store kostnadsreduksjonar for både tollvesenet og næringslivet.

Informasjonsteknologien må ikkje føre til arbeidsformer som set dei klassiske verdiane i offentleg sektor på prøve og krenkjer verdiar som rettsikkerheit, likebehandling og forutsigbarheit. Tvert imot bør IT gjere forvaltinga meir åpen og tilgjengeleg og styrkje viktige verdiar som innsyn og åpenheit. Offentlege etatar og tenesteytarar må stå fram som velinformerte, og det bør vere nok å avlevere informasjon ein gong! Publikumstenestene kan betrast, og med IT-løysingar er det mogeleg å etablere sams kontor for flere etater.

Informasjonsteknologien fører til at stadig fleire verksemder vert kunnskaps- og læringsorganisasjonar. Hierarkia vert reduserte og erstatta av samarbeid i nettverk. Denne utviklinga kan gjere større endringar naudsynte og skapar store utfordringar for utvikling av organisasjon og leiing i offentleg sektor.

Statssekretærutvalet meiner at elektronisk kommunikasjon skal bli ei vanleg kommunikasjonsform innad og utad. Publikum skal kunne få offentleg informasjon elektronisk og kunne kommunisere elektronisk med det offentlige. Elektronisk post skal på plass i heile forvaltinga og bli ei vanleg kommunikasjonsform, og vi må etablere nye og videreutvikle informasjonstjenester som til dømes ODIN. Vi må sikre oss at elektronisk kommunikasjon og elektroniske dokumenter vert handsama korrekt og forsvarleg i høve til offentlegheitslov og forvaltingslov.

Vi meiner at elektronisk sakshandsaming skal være den normale forma i statsforvaltinga og skal gradvis erstatte den papirbasert handsaminga.

Ein viktig føresetnad er at vi har infrastrukturen med tilhøyrande tenester på plass, både lange og mange nett slik at alle kan nå alle innafor det offentlege. Vi er godt i gang med å etablere samanhengande nett i staten med koblingar mot Internettet. Det er også i gang samarbeid mellom stat og kommune om eit standardisert forvaltningsnett som omfattar heile offentleg sektor slik at elektronisk kommunikasjon kan takast i bruk over alt.

Eg vil avrunde med at vi har eit godt utgangspunkt her i landet, vi er på veg, men mange bitar skal på plass, og mange aktørar har ei rolle i arbeidet. Eg vonar på eit godt og konstruktivt samspel mellom myndigheiter, næringslivet og partane i arbeidslivet basert på ei god forståing av våre utfyllande roller, slik at vi kan leggje eit nytt fundament for vekst, utvikling og livskvalitet.

Og for den einskilde ser eg klårt at livslang læring blir viktigare enn nokonsinne og truleg den største oppgåva vi har framfor oss for å førebu oss best mogeleg til det vi kallar informasjonssamfunnet. Både no som det veks fram og i framtida, når kunnskap blir den viktigaste innsatsfaktoren i all verksemd.

Heilt til slutt vil eg oppfordre alle til å kome med klare synspunkt og meiningar på korleis vår IT-politikk bør være, både her i dag og ikkje minst som skriftlege uttalalsar til statssekretærutvalet innan 1. mai i år. Slik at vi kan få lagt eit solid fundament for ein samordna norsk IT-politikk, slik Regjeringa har bedt oss om.


Lagt inn 16 april 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen