Historisk arkiv

Foredrag ved NITOs transportkonferanse på Fagernes

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Samferdselsdepartementet


Statssekretær Torstein Rudihagen, Samferdselsdepartementet

Foredrag ved NITOs transportkonferanse på fagernes 12. juni 1996

Tittelen er noko underfundig. Samferdselsmyndighetenes krav til transport og transportbehov. Det eg da vel å fokusere på, er IT som eit verkemiddel for å effektivisere transport, redusere behovet, betre miljøomsyna og trafikktryggleiken. IT er ikkje mål i seg sjølv, men det kan vera eit verkemiddel på samferdselssektoren som på andre sektorar for å nå våre mål.

Lyd, bilde og tekst blir digitalisert. Informasjonen blir brote ned til signal som i uffateleg hastigheit overførast mellom brukarar. Berre få år etter at samfunnet hadde nok med å bygge ut det som på den tida var avansert teknologi for å forsyne heile landet med vanlege telefontenester, har telenetta vorte avanserte motorvegar for utveksling av all slags informasjon.

Eit land med ein topografi og ein geografi som den norske, stiller store krav til kommunikasjonstenester. Vi har evna å bygge opp ein infrastruktur på tele-sida som gjev oss dei beste føresetnadane for å utnytte utviklinga på IT-sida. Den sveitsiske skulen IMD gjev ut årlege rapportar der dei rangerer dei ulike landa si konkurranseevne, etter ulike kriterium. Norge ligg totalt på ein sjetteplass, og vi nærmar oss toppen. I følgje rapporten er vi nummer to i spørsmålet om i kva grad infrastrukturen er eigna til å dekke næringslivet sine behov. Vi er nummer to når det er tale om datakraft pr. innbyggar og abonnentar på mobiltelefon. Vi er nummer tre når det gjeld ny informasjonsteknologi datamaskiner pr. innbyggar, og nummer fire på koplingar til Internet. Vi har ein infrastruktur som gjer det mogleg å trekke ut dei vinningane som den nye teknologien fører med seg. Avstandar hindrar ikkje lenger kontakt og samarbeid. På nær sagt alle område vil det vera mogleg å hente ut gevinstar. På transportsektoren har fleire aktørar tatt vigtige steg på vegen mot framtidige løysingar. Kva røysler kan vi så vise til? Kva krav er det viktig at vi legg inn for å dra tilstrekkeleg nytte av dette i framtida, samtidig som vi også held augene opne for dei negative sidene som følgjer av utviklinga dersom vi ikkje viser vilje til styring?

Teknologien er inne

Lat meg innleiingsvis peike på korleis delar av transportsektoren allereie ikkje berre har tatt informasjonsteknologi i bruk, men faktisk har basert viktige tenester på teknoloigien. Når vi snakkar om informasjonsteknologi og dei moglegheiter vi ser for oss i framtida, har vi lett for å gløyme at utviklinga må byggast på ein nå-situasjon. Alt i dag er mange transporttenester totalt avhengig av den teknologien som er tatt i bruk. Det vi snakker om er ei vidareutvikling av dette. Sjølv om den teknologiske utviklinga på dette feltet går enormt raskt, må ikkje fiction-prega forestillingar om framtida bli barrierer som kompliserer dette arbeidet.

Eg vil gjerne bruke NSB som døme. Innanfor trafikkdelen av selskapet vil vi sjå at bruk av informasjonssystem er eit viktig fundament for heile drifta.

  • GTI - GodsTransportInformasjon: Med dette som reiskap held selskapet orden på produksjonen av godsdivisjonen sine produkt. Utan systemet hadde Godsdivisjonen truleg måtte eige og vedlikehalde dobbelt så mange godsvogner som det dei gjer i dag.
  • FAKTA - Kunde- avtale- og rekneskapssystem for Godsdivisjonen.
  • PLASS 90 - System for plassreservering i persontog.
  • BRIS - Skranketerminalsystem for sal av billettar til persontog
  • IRMA - Verkstadsystem for lagerhald, produksjonsplanlegging og styring.

Kva moglegheiter ligg det så i ei vidareutvikling på IT-sida for ein transportør som NSB? NSB nyttar IT for å nå sine forretningsmessige mål, og IT står sentralt i gjennomføringsstrategien.

Leverandøren nærmare kunden

Særleg interessante er dei moglegheiter IT gjev når det gjeld moglegheiter for å knyte kundane nærmare NSB. Det vil vere nødvendig med ei tettare kopling mellom ulike system og andre aktørar, som til dømes dei som driv betalingsformidling. Gjennom elektronisk datautveksling direkte frå sine eigne edb-system vil kundane enklare kunne bestille fraktoppdrag, få raskare tilbakemelding og kunne betale for tenesta elektronisk. NSB må sjå sin plass i verdikjeda til kundane sine og tilby dei mest effektive løysingane der. Gjennom Internet (WWW) kan selskapet drive marknadsføring og sal. Gjennom eit nytt system for telefonsal av billettar, kan køar ved billettlukene reduserast. Samstundes kan ein gjennom eit slik system bli meir tilgjengeleg for potensielle kundar som ikkje har moglegheiter for å kjøpe tenestene gjennom fysisk frammøte, til dømes ved stasjonar utan bemanning.

Delar av dette ligg det føre klare planar for. Andre delar er førebels på skissestadiet. I sum er NSB illustrerande for korleis teknologien allereie er ein avgjerande føresetnad for deler av transportverksemda i Norge, samtidig som det etter kvart også er relativt enkelt å sjå kva veg utviklinga bør gå.

..... og i lufta med....

Innan luftfarten kan vi dele informasjonsteknologien i to hovudområde, flysikringsutstyr og IT-system for administrativ drift og lufthamndrift.

Flysikringsutstyret er i dag jordbunde. Gjennom hovudsakleg konvensjonelt radioutstyr foregår kommunikasjonen bakke til bakke og bakke til luft, mellom flygeleiarar og flygarar, og mellom flygeleiarar og bakkepersonell. På navigasjonssida dekker tradisjonelt radioutstyr navigasjon under vegs og i samband med innflyging.

På flysikringssida gjer den nye teknologien sitt inntog med raske steg. Luftfartsverket planlegg ein overgang frå jordbundne til satelittbaserte flysikringstenester. Investeringskostnadene vil gå ned. Vi får ein auka fleksibilitet i flytrafikken, og det satelittbaserte utstyret gjer at topografiske tilhøve i mindre grad vil vere avgrensingar.

Luftfartsverket planlegg å ta i bruk ny teknologi på fleire område. Informasjonsteknologien er strategisk reiskapl for rasjonalisering og auka effektivitet, for innføring av nye tenester, og for å møte både dagens og framtidige krav til tryggleik.

IT i samferdslesektoren

Statssekretærutvalet for IT meiner at bruken av informasjonsteknologi må auke i alle deler av samferdselssektoren, mellom anna i arbeidet for ein effektiv transportsektor med stor vekt på tryggleik. Meir avanserte betalings- og billettsystem, betre informasjonssystem og system for vegprising, vil kunne ha positiv innverknad på utnytting av kapasiteten og på miljøet. Sjølv om mykje er i gang, ser vi behov for ei samla strategisk satsing for heile sektoren, ikke minst innafor forsking, for å få fram ny kunnskap.

Vi meiner at arbeidet med å etablere eit elektronisk veginformasjonssystem med digitale vegkart, satellittbasert posisjonering og vegdata bør gje ei løysing som omfattar heile landet. Dette kan gje store gevinstar i transportsektoren. Slike system var i bruk under OL på Lillehammer, og vert no prøvd ut for ambulansar, drosjer og varetransport i Austlandsområdet. Trafikantane vil kunne få meir og betre informasjon om til dømes trafikksituasjonen, køyreforhold og best mogelege rute. Store transportbrukarar kan styre flåten sin mykje meir effektivt. Dette vil kunne ha ei rad positive effektar både for bilistane og for andre, til dømes redusert miljøbelastning for dei som bur langs vegane. Forskningsrådet meiner miliardar kan sparast på eit veginformasjonsnettverk.

Også når det gjelder tryggleiken i trafikken, kan auka bruk av informasjonsteknologi ha positive effektar. Særleg tenkjer eg da i samband med kommunikasjonsliner mellom veg og køyretøy, og mellom køretøy. Til dømes kan slike system nyttast til måling av avstand mellom køretøy og til navigering. Men det er og farer ved at auka bruk av IT kan påvirke tryggleiken i trafikken negativt. Dei nye systema kan leie merksemda bort frå trafikkbiletet.

I det heile bør ny informasjons- og teleteknologi kommer tyngre inn i transportsektoren med bruksområde som mellom anna miljø- og trafikkovervaking, ruteplanlegging og drift- og vedlikehold av vegnettet. Gjennom geografisk avgrensa demonstrasjonsprosjekt kan ein vinne naudsynte erfaringar for større satsingar.

Sentralt i mange samferdsleorienterte IT-system er dei geografiske informasjonssystema. Statssekretærutvalet meiner at vi må få fram digitale kart for heile Noreg, både land- og nære sjøområde. Denne geografiske informasjonen vil vere grunnlag for både kartproduksjon og for system for til dømes transport- og trafikkplanlegging, navigering, arealplanlegging, regulering ogadministrasjon. Noreg har ei leiande stilling i geografisk og maritim informasjonsteknologi, og dette må vi utnytte både nasjonalt og i offensive satsingar internasjonalt. Gjennom det offentlige vil det bli utvikla ein krevjande heimemarknad, som vil kunne gje vår industri eit godt utgangspunkt.

Eit anna viktig område som ligg nær vår sektor er miljø. Om dette seier statssekretærutvalet at Noreg ved bruk av informasjonsteknologi skal bli eit føregangsland internasjonalt innafor miljøeffektivitet og miljøovervaking. Trass i fleire gode einskildsystem, rår det framleis informasjonskaos innafor miljøområdet. Gjennom eit felles referansesystem for miljøinformasjon, kan vi forenkle attfinning og bruk av miljødata, for næringsliv, organisasjonar og forvaltinga. Lett tilgjengeleg miljøinformasjon vil kunne gje eit breiare og betre beslutningsgrunnlag. Samstundes vil ressursbruk knytta til innsamling, gjenfinning og gjenbruk av miljøinformasjon bli meir effektiv.

IT kan gje ein miljøeffekt dersom den påvirkar bruken av vegnettet slik at til dømes køyrelengda vert kortare, fører til mindre køer og leier trafikken bort frå strekningar med store lokale miljøproblem. Telependling, telefon- og videomøter og betre logistikk vil kunne begrense det totale trafikkomfanget. Og dersom vi koblar system for overvaking av luftkvalitet med trafikkregulering, vil vi kunne redusere dei lokale miljøproblema i problemsonene med å dirigere trafikk utanom slike område når luftkvaliteten blir dårlegare enn ein fastsett standard.

Gønn Skattekommisjon la fram sin rapport sist veke. Kommisjonen drøftar korleis omleggingar i skatte- og avgiftspolitikk kan bidra til miljøgevinstar, og dei drøftar sjølvsagt også endringar på samferdslesektoren. Miljøprising er eit viktig stikkord for for arbeidet til kommisjonen. På våre felt omfattar dette mellom anna vegprising, som kommisjonen meiner bør greiast ut. Dette arbeidet er vi allereie i god gang med. Vegprising vil kunne gje ei samfunnsøkonomisk meir optimal utnytting av vegnettet og ei smidigare trafikkavvikling. Dette vil også kunne ha positive miljøeffektar. Prinsippet bak vegprising er at prisen på bruk av ei bestemt vegstrekning på eit bestemt tidspunkt vert differensiert etter ulike kjennetegn ved vegstrekning og køyretyet, til dømes etter miljøkostnad og trafikkbelastning. Det står framleis att ein del arbeid, både på den tekniske og organisatoriska sida, før slike system kan takast i bruk i stor målestokk. Mellom anna vil omsyn til personvernet stå sentralt i det vidare arbeidet. Det blir mellom anna arbeidd med å utvikle prisingssystem der trafikanten er anonym for operatøren av systemet. Ei anna utfordring er å utvikle løysingar som også tek omsyn til bilar som ikkje har montert elektronisk innkrevingsutstyr.

Vegprising er drøfta i vegplanen for inneverande periode. Vi har varsla ei breiare drøfting i neste vegplan, og det truleg at vi i denne også kjem med ei tilråding om kva vi bør gjera.

Nettverk for verdiskaping

Det foregfår ein utstrakt aktivitet både her heime og i andre land, for å vidareutvikle teknologien, og for å vurdere korleis IT kan bli tatt i bruk på stadig nye felt for å effektivisere og betre tilbodet på transportsektoren. Norske forskarar er engasjert i uliked prosjekt både her i landet, og i samarbeid med andre, til dømes i EU.

Norske satsingar på dette feltet er i dag, i følgje Norges forskingsråd, på omlag 6-8 millionar kroner. Dette høyrest kanskje ikkje stort ut, men det må sjåast i samanheng med kva som blir gjort internasjonalt. Informasjonsteknologien er meir enn noko anna eit internasjonalt felt.

Trass i at aktiviteten er stor, meiner Samferdsledepartementet det er nødvendig med ei betre koordinering og ei meir målretta satsing, for å auke bruken av IT på transportsektoren. Mellom anna kan det synast som det er behov for å sjå nærmare på samfunnsmessige verknader av, og moglege praktiske problem med, å ta den nye teknologien i bruk.

Vårt departemenet har teke initiativ til å starte opp eit nytt forskingsprogram, som skal ta for seg desse og liknande problemstillingar. Dette er og signalisert gjellom Samferdslemeldinga, og førebuingane til det nye programmet er allereie i gang.

Lat meg også nemne elektroniske informasjonsnettverk i bransjar og næringar som representerer eit stort verdiskapingspotensial for norsk næringsliv, og som kan bidra til effektivisering og utvikling i både privat og offentlig sektor. Til dømes vert det arbeidd med eit pilotprosjekt for etablering av elektroniske informasjonsnettverk bygg- og anleggsbransjen og i reiselivsnæringa. Dei som er storbrukarar av tenester frå bygg- og anleggsbransjen vil gjennom eit slikt nettverk kunne kommunisere med leverandørane på heilt andre måtar enn tidlegare, og oppleve både meir og betre samarbeid og informasjonsflyt i samband med leveransar og oppdrag.

Bruk av nettverk med mogelegheiter for overføring av informasjon i form av bilete, video og lyd er spesielt interessant for reiselivsnæringa. Gjennom eit pilotprosjekt for regionalt og nasjonalt samarbeid for markedsføring og sal av norske reiselivsprodukt internasjonalt bør det etablerast eit informasjonsnettverk bygd på dei røyslene som allereie er gjort gjennom mellom anna eit prøveprosjekt på Internett. Samarbeidet som allereie er etablert mellom transportsektoren og reiselivsnæringa, gjer dette til eit interessant prosjekt også for dykk som er her.

Vi er på veg

Eg vil avrunde med at vi har eit godt utgangspunkt. Vi er, i dobbelt forstand på veg. Det er imidlertid mange bitar skal på plass, og mange aktørar har ei rolle i dette arbeidet. Eg håpar på eit godt og konstruktivt samspel mellom styresmakter, næringslivet og partane i arbeidslivet, basert på ei god forståing av våre utfyllande roller. Slik kan vi legge eit nytt fundament for vekst og utvikling.


Lagt inn 17 juni 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen