Historisk arkiv

Norsk Transportarbeiderforbund - jubileumsmiddag

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Samferdselsdepartementet


Statsråd Kjell Opseth

Norsk Transportarbeiderforbund - jubileumsmiddag

4. mai 1996

Takk for maten

Arnuld Øverland sa ein gong "Og dog er en time ved vinen, den beste min sjel har hatt". 100-årsjubilanten er feira med mottaking i Folkets Hus og jubileumsforestilling i Samfunnssalen tidlegare i dag. Jubileumsmiddagen her i Folkes Hus blir såleis eitt av fleire høgdepunkt på ein dag som på papiret såg ut til å bli i travlaste laget for ein 100-åring.

Tove Ditlevsen har sagt at "Mange er aldri heilt jamnaldrande med seg sjølve". Sjølv om høvet var eit anna, kunne sitatet passe i samband med 100-årsjubilanten Norsk Transportarbeidsforbund. Ikkje slik å forstå at dei historiske røtene ikkje er synlege. Banda attende til den tidlege kampen i førre århundret må vi ta vare på. Samstundes må ein hundreåring i denne rørsla vise vilje til fornying for å møte dei utfordringane som ligg i tida. Slik opplever vi denne 100-åringen. Dei som former verksemda i forbundet i dag, gjer dette utfrå det samfunnet vi lever i. Samtidig er dei seg bevisste den kampen det heile starta med.

Det har falle mange visdomsord om det å bli gamal. Ein italienar sa det slik at "gammal er ein når ein ikkje lenger søv med tennene sine". Mykje kan seiast om Transportarbeiderforbundet, men tannlaust er det i alle fall ikkje.

Ein annan har sagt om det same at "fyrst gløymer ein namn, så gløymer ein ansikt. Ein dag gløymer vi å trekke opp glidelåsen, og til slutt gløymer vi å trekke han ned".

Før vi forlet bordet vil eg gjerne få lov til å takke for eit utsøkt måltid. Det heiter at "På tom mage er alle onder dobbelt så store", og da vi har vel rydda dei heilt av vegen gjennom dette bordsetet.


Lagt inn 7 mai 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen