Historisk arkiv

Norsk Transportarbeiderforbund - 100-årsjubileum

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Samferdselsdepartementet


Statsråd Kjell Opseth

Norsk Transportarbeiderforbund - 100-årsjubileum

4. mai 1996

Helsing frå Regjeringa

Det er 100 år sidan bryggeriarbeidarane fekk sitt eige fagforbund. Organiseringa av transportarbeidarane i sjøfartsnasjonen starta naturleg nok på brygga. Da arbeidarane stifta forbundet, hadde det etablerte samfunnet knust dei fleste forsøk på organisert motstand. Arrestasjonar, tukthus og andre reaksjonar var effektive reaksjonsmåtar i kampen mot den rørsla som mot slutten av århundret likevel klarte å samle seg i større organisasjonar, enten det var for å drive kampen for faglege rettar, eller for å drive politisk arbeid. Det var i dette kapitlet av den norske historia at den rørsla som seinare fekk forma samfunnet etter felleskapstanken voks fram. Og det var fyrst og fremst på arbeidsplassane, i den gryande fagrørsla, at kampen om rettane måtte førast. Det var på den fronten det arbeidande folket vann sine fyrste rettar, - dei rettane som gjorde det mogleg også å forme eit demokratisk styresett, og som gjorde plass for den partipolitiske delen av rørsla.

Finn Gustavsen har skrive jubileumsboka for forbundet. Han skildrar den tidlege kampen for menneskelege rettar. Han skildrar også korleis forbundet har sett sitt preg på samfunnsutviklinga, også i tilhøvet til Arbeiderpartiet.

Når historia skal dokumenterast, høyrer også dei historiske motsetnadene med i bildet. Det har ikkje alltid vore slik at Transportarbeiderforbundet og Arbeidarpartiet har vore samde.

Men med ei felle historisk plattform, med eit sett av felles grunnverdiar, har det, i alle fall slik eg opplever det, vore sterke band mellom den faglege og den politiske delen av rørsla. Transportarbeiderforbundet har vore ein viktig samtalepartnar i utforminga av samferdslepolitikken.

Sjølv om det fyrst og fremst er forbundet eg helsar på denne dagen, finn eg også grunn til å helse ein av våre mest markante tillitsvalde spesielt. Walter Kolstad har ei fartstid i forbundet som strekkjer seg over halve levetida til forbundet. I 40 år har han vore tillitsmann. Han har meir enn 30 år i forbundsstyret, og han har vore forbundsleiar sidan 1973. Slik har på mange måtar den moderne hitoria om Transportarbeiderforbundet vore ei historia som i sterk grad er forma av Walter Kolstad.

Det er med glede eg med desse orda overbringer alle gode helsingar frå Regjeringa, og gratulerer med 100-årsjubileet.


Lagt inn 7 mai 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen