Historisk arkiv

Trafikktryggleik mot år 2000 er no

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgjevar: Samferdselsdepartementet


Politisk rådgiver Inger Grethe Solstad

Trafikktryggleik mot år 2000 er no!

Sandefjord 21. mai 1996

Innleiing

Når eg har valt ei overskrift på innlegget mitt - "Trafikktryggleik mot år 2000 er no!", så har det samanheng med at vi må handle no - dersom vi skal ferdes tryggare i trafikken. For å kunne gjere det må vi og vite kva vi har gjort og kvar vi står. Likeins må vi vite kvar vi vil, og kvifor. Eg vil ikkje seie så mykje om utviklinga hittil, det vil mange andre seinare ta seg av, men eg vil seie litt om kvar vi i dag står og måla for arbeidet med å trygge trafikken framover.

Trafikktryggleik er ikkje berre eit spørsmål om å få færre ulukker i trafikken, færre drepne og skadde (sjølv om jo det er hovudmålet). Det handlar difor og om moral og verdiar - og om det å ta vare på kvarandre. Den einskilde kan her sjølv gjere mykje, men samfunnet må ha eit hovudansvar. Og her kjem veg- og vegtrafikkpolitikken inn!

1. ULUKKE- OG RISIKOUTVIKLING 1977-1995

Noreg har i eit internasjonalt perspektiv hatt ei gunstig utvikling når det gjeld trafikkulukker. Frå 1977 til 1994 ble risikoen for å blei skadd eller drepen i trafikken halvert. Frå 1994 til 1995 var det ein oppgang, mens det dei to første månadene av 1996 har vore ein større nedgang enn oppgangen for heile 1995. Tilfeldige variasjonar, til dømes veret kan ha hatt ein viss verknad på talet på skadde og drepne i trafikken. Men den langsiktige utviklinga mot ein lågare risikoer eit resultat av ein samla innsats der ein har tatt i bruk fysiske tiltak, informasjon, opplæring og påverknad av haldningar og åtferd. Og mange aktørar har medverka til eit slikt resultat.

Men kvar står vi? De veit godt korleis vi ligg i høve stortingsmeldinga om NVVP 1994-97 for inneverande periode. Eg vil her berre nemne eit viktig område, fysiske tiltak, der meldinga m.a. har teke for seg;

  • Utbetra ulukkespunkt og -strekningar
  • Veglys
  • Identifisere og utbetra kurvar
  • Gang- og sykkelvegar
  • Fartsdempande tiltak
  • Miljøprioritert gjennomkøyring
  • Nye vegar

St.meld. nr. 34 (1992-93) Norsk veg- og vegtrafikkplan 1994-97 utgjer det viktigaste fundament i arbeidet med trafikktryggleiken i Noreg i dag. Men og andre dokument til Stortinget er i denne samanheng viktige.

Eg vil difor ta opp eit anna viktig stortingsdokument som Regjeringa nyleg har lagt fram - Samferdselsmeldinga:

2. STORTINGSMELDING NR 32 (1995-96) OM GRUNNLAGET FOR SAMFERDSELSPOLITIKKEN

Regjeringa har nyleg lagt fram St. meld. nr. 32 (1995-96) Om grunnlaget for samferdselspolitikken. I meldinga heiter det m.a.:

Regjeringen vil føre en helhetlig transportpolitikk der prioriteringer foretas på tvers av sektorer slik at målet om framkommelighet nås med lavest mulig ressursbruk, færrest mulig ulykker og innenfor rammen av en bærekraftig utvikling og kravene til godt miljø.

Regjeringa går i meldinga inn for ein effektiv og likeverdig konkurranse basert på at brukarane fritt skal kunne velje mellom ulike transportmiddel. Dette inneber m.a. når det gjeld rammevilkår for person- og godstransport:

  • Prisen på transportkostnader skal avspegle dei kostnadene samfunnet har i samband med transport, medrekna kostnader knytte til ulukker og miljøulemper
  • Omsynet til trafikantane og til miljøverknadene må vege tyngre enn omsynet til å skjerme eit transportmiddel frå konkurranse

Meldinga tek og opp tiltak mot globale og regionale trafikk- og miljøproblem som kan løysast gjennom:

  • Internasjonale avtalar
  • Bruk av sektorovergripande verkemiddel
  • Bruk av avgifter
  • Særskilde verkemiddel (avgasskrav, støy og køyretøy)

Når det gjeld tiltak mot lokale trafikk- og miljøproblem må det m.a. skje ved:

  • Investeringar i infrastrukturen
  • Miljøprioritert gjennomkøyring
  • Regulering av parkering
  • Nye vegar i tettbygd strøk (m.a. for tungtrafikk)
  • Reduksjon av fart
  • Stø yskjerming
  • Tidsdifferensierte bompengesatsar
  • Vegprising

Meldinga vil difor kunne innebere visse endringar i arbeidet med trafikktryggleik. Det vil m.a. kunne bli stilt krav om kostnadseffektivitet i bruken av verkemiddel. Likeins legg meldinga opp til å gjere samanlikningar på tvers av dei ulike samferdselssektorane, og med høve til å overføre positive erfaringar frå ein sektor til ein annan.

Stortinget si handsaming av samferdselsmeldinga vil få verknad for stortingsmeldinga om neste Norsk veg- og vegtrafikkplan 1998 - 2007. Vegdirektoratet arbeider no med saka og vil oversende materiale til departementet seinare i år.

3. NVVP 1998 - 2007

Rammene for trafikktryggleik blir trekt opp i Norsk veg- og vegtrafikkplan (NVVP). Mange har ynske ei eiga stortingsmelding eller ein handlingsplan om trafikktryggleik. Frå departementet si side har trafikktryggleik vore sett på som ein del av veg- og vegtrafikkpolitikken, og difor vore handsama mest naturleg - i nettopp NVVP.

Våren 1997 vert som kjent, stortingsmeldinga om NVVP for perioden 1998 - 2007 lagt fram. Det er lagt opp til drøfting av fire strategiar: framkomst, miljø, trafikktryggleik og distriktsomsyn. Det vil vere ei viktig oppgåve å utvikle desse strategiane og å komme fram til ein strategi som vil innehalde litt frå kvar av dei andre strategiane.

4. TRAFIKKTRYGGLEIK MOT ÅR 2000 - "TS - 2000"

Samferdselsdepartementet la i juli 1995 fram dokumentet "Trafikksikkerhet mot år 2000" - "TS - 2000". Dokumentet, som ligg inne på Internet, er ei utdjuping av dei tiltak som går inn i NVVP1994-97 og inneheld nokre nye einskilde større saker, t.d. ulukkene med tunge bilar. TS-2000 syner kva for satsingsområde departementet no handsamar. Truleg vil den fortløpande status og kome med på Internet.

Nokre einskilde område kan her nemnast, m.a. ;

  • Meir effektiv bruk av fysiske tiltak for auka trafikktryggleik
  • Få fram eit betre metodeapparatet for nytte-/kostnadanalysar
  • Fylgje opp det lokale arbeid med trafikktryggleik, m.a. Harstad-modellen
  • Evaluere dei svenske erfaringane med senka promillegrense
  • Organisering av det sentrale arbeid med trafikktrygging

Eg vil og nemne ei anna sentral oppgåve som vi diverre ikkje enno har kome i gang med, og det er å utarbeide eit framlegg til ny vegtrafikklov.

5. ORGANISERING AV DET SENTRALE ARBEID MED TRAFIKKTRYGGLEIK

Som ein del av oppfølginga av dokumentet "Trafikksikkerhet mot år 2000", som blei lagt fram sommaren 1995, har Samferdselsdepartementet utarbeid ei prinsippskisse for sentrale styremakter si organisering og samarbeid om trafikktryggleik.

Skissa legg opp til at arbeidet skal følgje dei formelle avgjerdsprosessane. På sentralt nivå legg ein opp til å auke det uformelle og kontaktretta arbeidet mellom aktørane.

For den vidare utvikling av trafikktryggleiken vil følgjande uformelle kontaktorgan vere viktige

  • KTS - Kontaktgruppa for trafikktryggleik
  • Kontaktforum for EU/EØS-informasjon
  • FFT - Forum for informasjon om trafikktryggleik

Som eit ledd i denne omorganiseringa vil m.a. ikkje Trafikksikkerhetsrådet bli oppnemnt på nytt. Delar av rådet sine oppgåver er lagt til Trygg Trafikk medan andre delar er lagt til Vegdirektoratet eller overteke av departementet sjølve.

Sentralt i det nasjonale arbeid med trafikktrygging står dei årlege konferansane for fylkeskommunar og organisasjonar. I departementet sitt brev av 22. mars 1996 til fylkeskommunane har departementet m.a. tatt opp korleis disse konferansane vil bli framover. Likeins at det, i det nasjonale arbeid med trafikktryggleik, er viktig med eit godt samspel mellom sentrale og lokale styresmakter, og m.a. at NVVP vil kunne skape grunnlag for eit slikt samspel.

Det er elles viktig å vere klar over at trafikktrygging og skjer i regi av andre departement, til dømes Sosial- og helsedepartementet.

6. HANDLINGSPLAN FOR FØREBYGGING AV ULUKKER I HEIM SKULE OG FRITID

Sosial- og helsedepartementet har 15. april 1996 lagt fram eit forslag til ein eige handlingsplan. Planen inneheld m.a.;

Generelt:

  • Arbeidsliv og trafikk blir gjennomgått i planen av omsyn til heilskapen
  • Sosial- og helsedepepartementet arbeider ut planen i samråd med Samferdselsdepartementet, Miljøverndepartementet, Kulturdepartementet, Kommunal- og Arbeidsdepartementet, Justisdepartementet, Barne- og familiedepartementet. og Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet
  • Handlingsplanen vert lagt fram i siste halvdel av 1996

Mål i handlingsplanen:

  • 10% reduksjon frå 1993 til 2002 i ulukker med sjukehusinnlegging og legebehandling
  • Minst 15 kommunar som "trygge lokalsamfunn" i år 2000
  • Verden sin helseorganisasjon, WHO: Ulukker med død skal reduserast med minst 25% frå 1980 til år 2000

Tiltak i handlingsplanen:

  • Klå r ansvarsdeling
  • Statlege finansieringsordningar som stimulerer til førebygging
  • Samordna og betre ulukkesstatistikk
  • Kunnskap om konsekvensar og tiltak
  • Tryggleik inn i utdanninga
  • Stimulere til frivillig innsats

I Sosial- og helsedepartementet sin handlingsplan har vi nok eit døme på at trafikktryggleik må inngå inn i eit vidt perspektiv og at førebuing omfattar mange aktørar.

7. UTFORDRINGAR I ARBEIDET MED Å AUKE TRAFIKKTRYGGLEIKEN

Utfordringane framover i arbeidet med å auke trafikktryggleiken er mange. Her kan nemnast;

  • Den nye reforma med 6-åringane i skulen
  • Dei nye reglane for sykkeltrafikken
  • Endra fartsgrenser utanom tettbygd strok
  • Fylgje opp informasjonsteknologien i vegtrafikken
  • Evaluering av føraropplæring for alle førarkortklasser
  • Trygging av den "tunge" vegtrafikken
  • Strategiar for auka trafikktryggleik

I programmet for denne konferansen inngår mange av desse emna. Det er og tatt med ein plenumsdiskusjon om utfordringar i eit 20 årsperspektiv. Eg reknar med at det her blir mange fine debattar, og eg ser fram til å få resultata frå denne konferansen.

Med disse ord ønskjer og eg lukke til med konferansen!


Lagt inn 4 juni 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen