Historisk arkiv

Via Nordica - Nordiske Vegteknisk Forbunds IT-kongress

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgjevar: Samferdselsdepartementet


Statsråd Kjell Opseth

Opningstale på Nordiske Vegteknisk Forbunds IT-kongress, Via Nordica.

Bergen 4.juni 1996

Gode kongressdeltakarar!

Førespurnaden om å opna den nordiske vegkongressen Via Nordica mottok eg med glede. Det gjev meg høve til kontakt med eit fagmiljø som eg har mykje nytte av, og det gjev meg samstundes høve til å koma med nokre utfordringar.

Når målet er ei god samfunnsutvikling, er samarbeid viktig i alle samanhengar. Det gjeld lokalt, nasjonalt, og internasjonalt. Det gjeld i politikken, det i kulturelle og faglege arbeidet, og mot næringslivet.

Kommunikasjonane har gjort det enklare å ha nære samarbeidspartnerar over heile verda. Men nytta av eit verdsomspennande samarbeid er avhengig av kor flinke vi er på heimebane. Det er særleg viktig for oss i Norden, små land som vi er, at vi utnyttar dei gode vilkåra vi har for samarbeid. Naturgitte forhold, historie, språk og kultur har skapt eit naturleg samarbeidsområde. Nordisk samarbeid har alltid vore ein viktig føresetnad for framgang.

Eg har merka meg dei mange representanta frå dei seks nordiske landa tek del i det veg- og vegtrafikkfaglege samarbeidet i NVF. Dette er representantar frå både offentleg og privat sektor, frå forskings- og undervisningsmiljø, og frå interesseorganisasjonar. Dette, saman med eit variert og interessant program for kongressen, viser at NVF er viktig del av det nordiske samarbeidet.

Vi som syslar med vegar og vegtrafikk veit sjølvsagt kor viktig vegtransporten er for at samfunnet skal fungere på ein god måte. I eit område av verda med relativt lite folk, og med ei spreidd busetting, er vegtransporten viktigare enn dei fleste andre stader. Vegen, som andre transportsystem, er ikkje noko mål i seg sjølv, men viktige hjelpemiddel i arbeidet for ei god samfunnsutvikling. Behova i vegsektoren er store. Mest alle har forslag til gode tiltak, men vi må likevel erkjenne at det er uråd å skaffe midlar til alle gode forslag. Eg er sikker på at mine kollegar i dei andre nordiske landa ikkje har det lettare i så måte. Krav til effektiv og god utnytting av ressursane er difor ei stor utfordring for alle som arbeider i vegsektoren.

Sjølv om vegtransporten er både viktig og nyttig , har den også sine negative sider. Eg tenkjer på alle dei som mistar livet eller pådreg seg store skader i dei alt for mange trafikkulukkene. Eg tenkjer vidare på miljøproblema som følgjer av vegtrafikken. Vi har mange store utfordringar framfor oss. I møtet med slike utfordringar treng vi både teknisk kunnskap, samarbeid mellom fagfolk og etatar, og ei god politisk styring.

Sjølv om vegtransporten er dominerande, sjølv om vegtransporten er effektiv, kan andre transportformer stundom vere betre. Kostnader og problem som følgjer av vegtrafikken er store, og må ikkje bli større enn nødvendig. Det må vere eit krav til alle planleggjarar, særleg i ein så stor sektor som vegsektoren, at ein legg eit heilskapssyn til grunn. Det må vere eit krav at ein vurderer korleis transporten best kan avviklast, og korleis ein kan løyse eller redusere problema knytt til miljø og trafikkulukker så langt råd er. Dette vil vere viktige faglege bidrag til å nå sentrale, politiske mål.

Samfunnet sitt krav til kvalitet, effektivitet og god ressursutnytting er aukande. I Norden har vi tradisjon for at ein stor del av produksjonsarbeidet i vegsektoren blir utført av det offentlege, av Vegvesenet. Mange hevdar at dette ikkje er ei god løysing, men eg deler ikkje eit slikt syn på offentleg vegarbeidsdrift. Tvert i mot ser eg fordelar ved at Vegvesenet utfører ein god del arbeid i eigen regi. Føresetnaden for offentleg drift må imidlertid vere at den er konkurransedyktig, og at den på denne måten ivaretek samfunnsinteressene på ein god måte. Eg veit i alle høve at Statens Vegvesen er konkurransedyktig i Norge. Men dette må kunne dokumenterast i dag og i framtida. I Noreg har vi organisert Statens Vegvesen på ein måte som legg tilhøva betre til rette for at etaten skal bli meir konkurransedyktig, og som gjer det mogleg å dokumentere konkurranseevna betre.

Mitt inntrykk er at aktørane i vegsektoren i Norden - både dei private og dei frå det offentlege - er prega av eit høgt fagleg nivå og stor effektivitet. Men utfordringane er store på mange felt. Eg har nemnt både ressursutnytting, kvalitet, effektivitet, miljøproblem og trafikksikring. Vi må freiste å vere fremst i verda på alle desse områda. Det krev samfunnsinteresserte fagfolk med høg fagleg kompetanse, og det krev tiltak for stadig å fornye kompetansen.

Programmet for Via Nordica tek opp viktige tema. Det viser at vi har ein vegsektor som er framtidsretta og oppteken av viktige samfunnsspørsmål. Eg kjenner meg trygg på at kongressen og utstillinga av maskinar og utstyr som følgjer med, vil inspirere fagfolk frå alle delar av veg- og vegtrafikksektoren til eit framtidsretta arbeid. Eg ønskjer dykk lukke til med tre dagars interessant arbeid og nokre festlege stunder innimellom.

Med dette erklærer eg Nordisk Vegteknisk Forbunds 17. kongress - Via Nordica - for opna.


Lagt inn 7 juni 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen