Sal og skjenking av alkohol på folkerøystingsdagen 28. november 1994
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Brundtland III
Utgiver: Sosial- og helsedepartementet
Pressemelding | Dato: 07.11.1994 | Sist oppdatert: 21.10.2006
Pressemelding
07.11.94
Sal og skjenking av alkohol på folkerøystingsdagen 28. november 1994
På folkerøystingsdagen 28. november gjeld dei same reglane som for sal og skjenking av alkoholhaldige drikker på søndagar.
Sal av vin og brennevin
Sal av vin og brennevin er ikkje lovleg, jf. vallova § 93 og
alkohollova § 3-4 tredje ledd.
Sal av øl
Det er berre høve til å selje øl mellom klokka 14.00 og
19.00 dersom salsstader kan ha ope på søn- og heilagdagar i
perioden rundt valdagen, t.d. dei siste søndagane før jul inkludert
søndag 27. november. I tillegg må ikkje kommunen utrykkeleg ha
forbode sal av øl på søn- og heilagdagar eller valdagar, etter
alkohollova § 3-7 andre ledd.
Skjenking av brennevin
Skjenking av brennevin er ikkje lovleg, jf. vallova § 93 og
alkohollova § 4-4 fjerde ledd.
Skjenking av øl og vin
Det er berre høve til å skjenke øl og vin dersom kommunen
ikkje har forbod mot å ha ope på søn- og heilagdagar eller
valdagar, og heller ikkje uttrykkeleg har forbode skjenking av øl
og vin på desse dagane etter alkohollova § 4-4 andre ledd.
Kontakt: Byråsjef Siv Torunn Skagestad
Informasjonskontoret i Sosial- og
helsedepartementet
postboks 8011 Dep.
0030 OSLO
telefon 22 34 84 14
telefax 22 34 27 12
Fungerende informasjonssjef Helge Iversen, telefon 22 34 84
09, privat 22 2157 06
Informasjonsmedarbeider Hans Anderssen, telefon 22 34 8410,
privat 22 37 38 35
Informasjonsmedarbeider Nina Husom, telefon 22 34 84 21,
privat 22 50 29 68