Historisk arkiv

Fordeling av midlar til kommunar og fylkeskommunar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Sosial- og helsedepartementet

Nr. 11
5.2.96

Auka satsing på tiltak mot psykiske lidingar
Fordeling av midlar til kommunar og fylkeskommunar

For 1996 har Regjering og Storting auka dei statlege tilskota kraftig. Kommunane får 260 mill. kroner, ei dobling frå 1995. Fylkeskommunane får i alt 288 mill. kroner som vert fordelt slik:

5 mill.kroner vert fordelt likt mellom fylkeskommunane til samarbeidstiltak med kommunane knytta til utskriving av langtidspasientar, 35 mill. kroner til fleire plassar i regionale og fylkeskommunale sikkerheitsavdelingar (vert fordelt i nær framtid), og 248 mill. kroner til å styrkje tilbodet innan vaksen- og barnepsykiatrien, ein auke på 135 mill. kroner frå 1995.

Kva får kommunane ?

Tilskotet på 260 mill. kroner til kommunane vert fordelt ut frå folketal. Samstundes vert dei minste kommunane sikra eit visst minstebeløp. (Sjå vedlegg, samt rundskriv I-2/96.)

Midlane skal bidra til auka innsats på eit eller fleire av følgjande område i kommunane:

  • fleire stillingar og auka kompetanse for personalet
  • fleire tilbod på dagtid for menneske med psykiske lidingar
  • tettare samarbeid med arbeidsmarknadsetaten
  • auka satsing på samarbeidet om førebyggjande tiltak mot psykososiale problem blant barn og unge
  • kartleggje behov og planleggje tilbod til menneske med psykiske lidingar i alle kommunar
  • bu-, aktivitets-, pleie- og omsorgstilbod til pasientar som er ferdigbehandla i spesialisthelsetenesta.

Kva får fylkeskommunane ?

Tilskotet på 248 mill. kroner til fylkeskommunane vert fordelt ut frå folketal. (Sjå vedlegg, samt rundskriv I-3/96.)

Midlane skal bidra til auka innsats på eit eller fleire av følgjande område:

  • utbyggje kapasiteten innan barne- og ungdomspsykiatrien
  • styrke tilbodet til unge schizofrene
  • ein generell auke av behandlingskapasiteten innan psykisk helsevern.

Kva skal pengane brukast til?

Sosial- og helsedepartementet legg stor vekt på at midlane vert nytta i tråd med Stortingets føresetnadar, og at kunnskap om resultata vert samla inn og systematisert. For fylkeskommunane er hovudregelen at midlane skal gi ein auke i behandlingsplassane i psykiatriske institusjonar. Departementet vil prioritere ei tett oppfølging av kommunar og fylkeskommunar på dette området.

Kontakt:
Rådgjevar Jan Tvedt, tlf. 22 24 87 07/87 03


Lagt inn 5 februar 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen