Ny statssekretær i Sosial- og helsedepartementet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Brundtland III
Utgiver: Sosial- og helsedepartementet
Pressemelding | Dato: 16.08.1996 | Sist oppdatert: 21.10.2006
P R E S S E M E L D I N G
Sosial- og helsedepartementet
Nr. 56
16.08.96
Ny statssekretær i Sosial- og helsedepartementet
Finn Grønseth vart i statsråd i dag utnemnd til statssekretær i Sosial- og helsedepartementet (på sosialministerens område). Grønseth har sidan 1987 vore generalsekretær i Landsforeningen for Hjerte- og Lungesyke (LHL) og valt leiar i Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO).
Grønseth er 45 år, frå Brevik. Han har sete i Porsgrunn bystyre i to periodar, og han har vore leiar for AUF i Telemark. Den nye statssekretæren er styreleiar for fleire skular og helseinstitusjonar som vert drive av LHL.
Lagt inn 16 august 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen