Historisk arkiv

Trygdeavtale mellom Noreg og Nederland

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Sosial- og helsedepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Sosial- og helsedepartementet

Nr. 42
04.06.96

Trygdeavtale mellom Noreg og Nederland

Det er i dag underteikna ein avtale om trygd mellom Noreg og Nederland. Avtalen kjem i staden for ein tidlegare avtale mellom dei to landa av 13. april 1989. Han supplerer EØS-avtalen og dekkjer opp personkrinsen og stønadsområda som ikkje er omfatta av denne. Han femnar såleis på nærare fastsette vilkår også om ikkje-yrkesaktive og familiemedlemene deira. Vidare gjeld avtalen borgarar frå tredjeland som er eller har vore omfatta av trygdelovgjevinga i eit av desse landa.

Avtalen omfattar dei same trygdeordningane som EØS-avtalen (medisinsk stønad, kontantytingar ved sjukdom, graviditet og fødsel, ytingar ved alder, uføre og til etterlatne, ytingar ved yrkesskade/yrkessjukdom, ytingar ved arbeidsløyse, familieytingar og gravferdshjelp). Han er i hovudsak tufta på ei tillemping av prinsippa i EØS-avtalen jamvel for dei andre persongruppene, sjølv om det er gjort nokre unnatak når det gjeld reglane for ytingar ved arbeidsløyse og familieytingar.

Dette tyder:

  • Ein unngår dobbel trygdedekking og avgiftsbetaling
  • Om naudsynt skal ein ta omsyn til trygdetid opptent i det andre avtalelandet
  • Opptente ytingar skal betalast ut under opphald eller busetjing i det andre avtalelandet

Avtalen omfattar òg medisinsk stønad. Mellom anna er personar frå det eine avtalelandet sikra sjukehjelp under mellombels opphald i det andre landet mot å syne fram ein attest frå trygdekontoret i heimlandet.


For ytterlegare informasjon:

Byråsjef Leif Norli, Sosial- og helsedepartementet tlf 22 24 86 29

Førstekonsulent Morten Randmæl, Sosial- og helsedepartementet tlf 22 24 86 37


Lagt inn 4 juni 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen