Norsk-russisk samarbeidsavtale om humanitær hjelp til kriseramma område
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Brundtland III
Utgiver: Utenriksdepartementet
Pressemelding | Dato: 14.12.1995 | Sist oppdatert: 21.10.2006
P R E S S E M E L D I N G
Utenriksdepartementet
14. desember 1995
Norsk-russisk samarbeidsavtale om humanitær hjelp til kriseramma område.
Statssekretær Jan Egeland i Utanriksdepartementet og den russiske viseministeren for krise- og naudhjelp, Sergej Khetagurov, underteikna i dag ei felles erklæring med sikte på eit utvida samarbeid mellom Norge og Russland om humanitær hjelp til kriseramma område.
Bakgrunnen for møtet var det vellukka norsk-russiske samarbeidet i sommar om ei luftbru for å frakta naudhjelp til Beograd frå Anacona i Italia i regi av FNs Høgkommisær for flyktningar.
Russland stilte fly og mannskap til rådvelde mens Norge bidrog med naudhjelpsutstyr.
Norge og Russland vart på møtet samde om å utvida dette samarbeidet til og å omfatta andre former for humanitær hjelp. Andre område som no blir vurdert, er minerydding, medisinsk hjelp og transport/kommunikasjon.
Føremålet er å kunna tilby FN-systemet å setja iverk naudhjelpsoperasjonar innan kort frist og med stor grad av kostnadseffektivitet.
Lagt inn 15 desember 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen