Historisk arkiv

Statsbudsjettet 1996 - 100 millioner til tiltak mot atomforureining

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Utenriksdepartementet

P R E S S E M E L D I N G
Utenriksdepartementet


4. oktober 1995

STATSBUDSJETTET 1996

100 millioner til tiltak mot atomforureining

Regjeringa vil vidareføre arbeidet for å betra atomtryggleiken og redusere faren for radioaktiv ureining hovudsakeleg frå kjelder i Nordvest-Russland, og tilrår at det vert løyvd 100 mill. kroner til dette i 1996, seier utanriksminister Bjørn Tore Godal i samband med at Regjeringa i dag la fram Statsbudsjettet for 1996.

Regjeringa sin Handlingsplan for oppfølgjing av St.meld. nr. 34 (1993-94) om atom-verksemd og kjemiske våpen i dei nordlege områda representerte ei kraftig opptrapping av Noreg sin innsats med omsyn til atomspørsmål i 1995. Men problema sitt omfang gjer at arbeidet for å betre atomtryggleiken og redusere faren for radioaktiv forureining både vil ta tid og vil kreva omfattande ressursar.

Det er naudsynt med eit breidt internasjonalt samarbeid for å løyse dei problema ein står overfor i samband med atomverksemda i Nordområda, seier utanriksminister Godal. Regjeringa vil vidareføre sitt aktive engasjement både i bilaterale, regionale og internasjonale fora for å trekkje andre land med i dette arbeidet.

Handlingsplanen for atomsaker omfattar fire hovudinnsatsområde:

  • Tryggleik ved atominstallasjonar.
  • Handsaming og lagring av brukt uranbrensel og radioaktivt avfall.
  • Dumping av radioaktivt avfall i Barents- og Karahavet og tilsig frå elvar i Russland.
  • Våpenrelaterte miljøfarar.

Ei rekke konkrete prosjekt vil bli sett i verk i løpet av 1996. Dette gjeld ikkje minst det internasjonale samarbeidet for å sikre forsvarleg handtering av fartøyet "Lepse" som er brukt til lagring av radioaktivt avfall, mellom anna høgaktivt brukt uranbrensel, ved atomis-brytarflåten i Murmansk. Også i det norsk-amerikansk-russiske prosjektet for å utvide kapasiteten til eit renseanlegg for flytande lågradioaktivt avfall i Murmansk ventar ein bygging av anlegget igangsett i løpet av hausten 1995 og vidareført i 1996. Ein vil også vidareføre tiltak for å betre tryggleiken ved atomkraftverket på Kola. Arbeidet med å få sett atomavfallsproblematikken på den internasjonale dagsordenen har langt på veg lukkast, men mykje står att når det gjeld å kartleggje problema, vurdere risiko og miljøkonsekvensar, og setje i verk konkrete tiltak.


Lagt inn 4 oktober 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen