Historisk arkiv

Statsbudsjettet 1996 - 33,5 millioner kroner til Klimafondet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Utenriksdepartementet

P R E S S E M E L D I N G
Utenriksdepartementet


4. oktober 1995

STATSBUDSJETTET 1996

33,5 millioner kroner til Klimafondet

Regjeringa foreslår å løyve 33,5 mill. kroner til Klimafondet for 1996. Pengane vil bli brukt til å støtte det internasjonale samarbeidet om globale miljøspørsmål, i hovudsak til tiltak mot klimaendringar, tap av biologisk mangfald og vern av ozonlaget.

Midlane i Den globale miljøfasiliteten (GEF) og fondet under Montrealprotokollen gjer det mogeleg å setja i verk tiltak i u-land og i Aust- og Sentral-Europa for å løysa globale miljøproblem. Dette er såleis viktig for å gjera arbeidet under desse avtalene operativt på eit globalt nivå.

Størstedelen av midlane i Klimafondet - omlag 23,5 mill. kroner - vil i 1996 bli nytta til klimatiltak i u-land og i Aust- og Sentral-Europa.

Etter at OECDs bistandskomite (DAC) har vedteke at 84 pst. av bidraga til Klimafondet kan godkjennast som bistand, vil hovuddelen av dei norske bidraga frå 1996 bli dekte over bistandsbudsjettet. Klimafondet vil i 1996 dekkja den resterande delen av Noregs bidrag til GEF og til fondet under Montrealprotokollen om vern av ozonlaget, og vil dessutan bli nytta til "felles gjennomføring" av klimatiltak.

Frå norsk side legg vi vekt på tiltak som sikrar mest miljø per krone. Difor vil vi frå norsk side prioritere tiltak i land der effekten er størst; først og fremst i utviklingsland eller i land i Aust- og Sentral-Europa, og som samstundes er positive for utviklinga i desse landa.


Lagt inn 4 oktober 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen