Historisk arkiv

Statsbudsjettet 1996 - Garantiordninga for Øst-Europa

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Utenriksdepartementet

P R E S S E M E L D I N G
Utenriksdepartementet


4. oktober 1995

STATSBUDSJETTET 1996

Garantiordninga for Øst-Europa

Det norske verkemiddelapparatet for eksportleveransar til mellom anna Russland har kontinuerleg vorte utbetra i takt med dei behova som til ein kvar tid har gjort seg gjeldande. For å tilby norske eksportørar akseptable vilkår i aust, vedtok Stortinget i 1992 ei særskild garantiordning for Øst-Europa.

Ordninga var lagd opp etter same mønster som liknande ordningar i andre vestlege land, og det blei mellom anna for eksportkredittane sett krav om motgaranti frå sentralstyresmaktene i kjøparlanda. Privatiseringsprosessen og uvissa når det gjeld statens framtidige rolle har ført til at styresmaktene i aust har vore lite viljuge til å binde seg opp som garantist. I praksis førte dette til at den norske ordninga blei ståande.

Regjeringa tok difor initiativ til å mjuke opp ordninga. Endringane blei innførte som ei prøveordning med verknad frå 1. januar 1995. Fleire av våre vestlege naboland har også tilpassa garantiordningane sine i same retning.

Desse endringane, som er førte vidare i 1996, inneber mellom anna at kravet om sentral motgaranti blir oppretthalde som ein hovudregel, men at kravet om ein sentral motgaranti kan fråfallast i to tilfelle, nemleg for kredittar på inntil to år dersom det vert gjeve remburs frå ein akseptabel bank, og ved samfinansiering med fleirnasjonale finansinstitusjonar som til dømes Verdsbanken eller Europabanken (EBRD), seier handelsminister Grete Knudsen i ein kommentar.

Kravet om statleg motgaranti kan vidare som ei særleg forsøksordning fråfallast i visse andre tilfelle mot at andre garantiar blir stilte, seier Handelsministeren vidare. Dei garantiane som kan godtakast, er bankgaranti frå dei forretningsbankane i mottakerlanda som er godkjende for slike føremål, eller trygd i ein rimeleg del av prosjekta sin betalingsstraum i konvertibel valuta gjennom ein vestleg bank. Som det hittil einaste land godtek Noreg slik motgaranti frå fylkesmann eller regionale styresmakter som alternativ til motgaranti frå sentralstyresmaktene for dei prioriterte samarbeidsområda i Nordvest-Russland og Baltikum.

For denne særlege prøveordninga, der det er opna for å akseptere særleg høg risiko, er det oppretta ei risikoavsetning i form av eit tapsfond som for 1996 er på 50 mill. kroner. Tapsfondløyvinga er årleg, og storleiken vil bli vurdert kvart år i samband med Statsbudsjettet.

Desse endringane i garantiordningane inneber ei monaleg liberalisering av garantigjevinga til Øst-Europa, også samanlikna med det sikringsopplegget som blir kravd i Danmark, Finland og Sverige.


Lagt inn 4 oktober 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen