Historisk arkiv

Statsbudsjettet 1996 - Kvalitet og effektivitet i utviklingshjelpa

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Utenriksdepartementet

P R E S S E M E L D I N G
Utenriksdepartementet


4. oktober 1995

STATSBUDSJETTET 1996

Kvalitet og effektivitet i utviklingshjelpa

Regjeringa vil føre vidare arbeidet med å heve kvaliteten og effektiviteten i norsk utviklingshjelp. Regjeringa er svært oppteken av å kunna sikre at kvar krone blir brukt så effektivt og målretta som mogeleg.

I forvaltninga har ein dei siste åra lagt ned eit monaleg arbeid for å forbetre norsk utviklingshjelp. Dette gjeld både arbeidet med å betre mål- og resultatstyring og arbeidet med effektivisering av forvaltninga. Det er oppretta ei stilling for oppfølgjing av resultat og kvalitetssikring i Utanriksdepartementet og ei eiga eining for oppfølgjing av resultat i NORAD.

Arbeidet med betre kvalitetssikring i utviklingshjelpa vil bli nærare omtala i Stortingsmeldinga om ein del hovudspørsmål i Noregs tilhøve til utviklingslanda som no er under utarbeiding. Eit utgangspunkt for vidareføringa av dette arbeidet er tilrådingar frå Nord-Sør/Bistandskommisjonen. Eit program for kvalitetssikring vil omfatte arbeidet med betre mål- og resultatoppnåing i bistandsforvaltninga.

Mottakarlanda har sjølve eit hovudansvar for å sikre at utviklingshjelpa gjev gode resultat. Det har difor alt å seie at utviklingslanda sjølve byggjer opp kompetanse og kapasitet for å handtere prosjekt og styre si eiga utvikling. Noreg vil stø dette området, slik at mottakarlanda blir i stand til å gjennomføre utviklingstiltaka effektivt og i samsvar med god forvaltningsskikk.


Lagt inn 4 oktober 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen