Historisk arkiv

Statsbudsjettet 1996 - Løyving til fremje av norsk eksport og omorganisering av Noregs Eksportråd

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Utenriksdepartementet

P R E S S E M E L D I N G
Utenriksdepartementet


4. oktober 1995

STATSBUDSJETTET 1996

Løyving til fremje av norsk eksport og omorganisering av Noregs Eksportråd

Det er eit hovudmål for regjeringa å sikre sysselsetjing og velferd i Noreg. For å nå dette målet må verksemdene sikrast best mogeleg vilkår, ikkje minst når dei skal konkurrere på dei internasjonale marknadene. Det er bakgrunnen for bruken av verkemiddel til å fremje norsk eksport og internasjonalisere næringslivet.

Etter at eksportavgifta fall bort i 1994 er det gjennomført utgreiingar med sikte på ny organisering av Noregs Eksportråd og det eksporfremjande apparatet elles. Regjeringa har vedteke at Noregs Eksportråd skal etablerast som ei stifting frå 1. januar 1996. Det er det nye styret i Noregs Eksportråd som vil ha det fulle ansvaret for Rådet si drift, men Eksportrådet vil og i framtida verte finansiert både av offentlege midlar og inntekter frå sal av tenester til næringslivet.

Regjeringa legg i framlegget til statsbudsjett for neste år stor vekt på å sikre så gunstige rammevilkår som mogeleg for norske eksportverksemder. Løyvinga til eksportfremjande tiltak er auka i høve til 1995. Med framlegget vil ein sikre vidare drift av Noregs Eksportråd som det sentrale, nasjonale organet for fremjing av norsk eksport. Ein legg opp til ei totalløyving på 230,5 mill. kroner til eksportfremjande tiltak. Av disse midlane vert det sett av 120 mill. kroner til driftstilskot for Noregs Eksportråd, medan 110,5 mill. kroner vert nytta til dei ulike eksportfremjande programma i Utanriksdepartementet og Eksportrådet sin regi. Utanriksdepartementet sine satsingar på vekstmarknadene i Asia (Asiaplanen) og på auka sal til multilaterale organisasjonar og bistandsmarknadene (Multiplanen) vert vidareførte. Det same gjeld Tilbodsgarantiordninga som dekkjer større eksportframstøytar i utviklingsland og vanskelege marknader og dei andre eksportfremjande tiltaka under Utanriksdepartementet. Eit nytt satsingsområde som gjeld eksport av kulturprodukt vil verte etablert innanfor ramma av dei eksisterande verkemidla.

Regjeringa si satsing på eksportfremje og internasjonalisering av norsk næringsliv inneber at Eksportrådet sine aktivitetar vil halde fram på eit høgt nivå samstundes som løyvingane til eksportfremjande prosjekt og program vert auka. Samstundes tek ein sikte på å få ei auka samordning av det totale uteapparetet som omfattar utanrikstenesta, Noregs Eksportråd, NORTRA og dei norske industriattachéane. Dette gjer auka effektivisering og eit meir rasjonelt og slagkraftig støtteapparat for norsk næringsliv i utlandet.


Lagt inn 4 oktober 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen